Heim Nyhende Nei til EU vil ha fleire neifolk på Stortinget

Nei til EU vil ha fleire neifolk på Stortinget

Nei til EU-leiar Heming Olaussen oppmodar partia på Stortinget til å tenkje på EU-motstanden når dei nominerer kandidatar.

 

Etter det ei meiningsmåling som vart gjort i sommar, viser, er 73 prosent av folket mot at Noreg skal bli EU-medlem. Samtidig har Nei til EU merkt seg at 40,8 prosent av stortingsrepresentantane er jafolk.

Leiaren i Nei til EU, Heming Olaussen, oppfordrar derfor nominasjonskomiteane i partia til å ta omsyn til EU-motstanden i folket når dei nominerer kandidatar til Stortinget.

– Gong på gong får vi eit Storting som er ein heilt annan stad enn folket. Samtidig er det lite som skil så mykje i norsk politikk som dette, når det kjem til stykket, seier Olaussen til Klassekampen.

Han meiner at særleg Arbeidarpartiet og Høgre bør følgje oppfordringa hans. Mens 67 prosent av Ap-veljarane er EU-motstandarar, er 45,3 prosent av stortingsrepresentantane til for EU-medlemskap

Rundt 70 prosent av Høgre-veljarane seier nei til EU, mens 96,7 prosent av stortingsrepresentantane til partiet er jafolk.

– Høgre er ekstrempartiet. Dei har enno ikkje røysta mot eit einaste EU-direktiv. Alle andre parti har gjort det. Eit sterkt Høgre i spissen for eit borgarleg fleirtal på Tinget kan gjere mykje skade, trur Olaussen. (NPK)

 

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...