Heim Nyhende – Må tenkje nytt

– Må tenkje nytt

– Ein må tenkje kreativt når ein skal promotere nynorsken, seier Anne Viken. Sjølv gir ho ut det ho meiner er den einaste hesteboka på nynorsk.

 

 

Det er bloggen til assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane Gunnar O. Hæreid som no har fått Viken til å reagere. Her skriv Hæreid at ein trass tydeleg nynorsk identitet i Sogn og Fjordane også møter ein del utfordringar, blant anna manglande nynorsk opplæring for innvandrarar, at mange slit med å skrive korrekt nynorsk og at nynorske lærebøker ofte kjem seinare enn dei på bokmål. Likevel peikar Hæreid på at mange bokmålsbrukarar til og med har skifta til nynorsk då dei flytta til fylket. 

– Sogn og Fjordane er truleg det fylket det er enklast å vera nynorskbrukar i. Eg trur mange av innbyggjarane kjenner seg att i ein påstand om at nynorsk er ein viktig del av identiteten til fylket vårt. Jamvel innflyttarar som har hatt bokmål som hovudmål, legg ofte om til nynorsk etter å ha budd her ei stund. Dei gjer det ikkje fordi nokon pressar dei eller dei kjenner dei må, men fordi inntrykka frå ei nynorsk omverd opnar augo for at nynorsk ikkje er noko tungt og vanskeleg, og dei får lyst til å prøva seg sjølve, skriv Hæreid. 

– All merksemd rundt nynorsken er ikkje positiv når ein gjentek det same om igjen og om igjen. Det er svært sjeldan ein ser kreative tiltakt og utspel rundt nynorsk språk. Dette kan kanskje forklare ein del av språkets problemer: det har blitt ei problembasert merkevare, ikkje ei lystbetont. For språket har, som alt anna, ei merkevare. Og kva skal den eigentleg vere? Problematisk, basert på statestikk og at det er eit poetisk språk? Eller skal det vere ei merkevare folk i praksis kan forhalde seg til og identifisere seg med. Trur det er lurt å stille seg dette spørsmålet. Lystbetont og praktisk relatert, heller enn statestikktynga debatt, skriv Viken i eit svar på bloggen. 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...