Heim Nyhende Nettavis for ungdom

Nettavis for ungdom

Kulturdepartementet vil no støtte prosjektet Ung til sinns – på nett med 300.000 kroner årleg i tre år.

Den planlagde nettavisa skal sikre at nynorskbrukarar får eit betre tilbod på internett, og vil ha hovudvekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av ungdom. Meininga er at stoffet skal treffe ungdommen på deira premissar.

– Den overordna målsetjinga med prosjektet er å få meir nynorsk for ungdom på nettet, samstundes som ein styrkar posisjonen til ABC Startsida, seier dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland. 

Satsinga er eit samarbeid mellom LNK, Nasjonalt Garborgsenter, nettidskriftet Magasinett, kulturavisa Pirion, ABC Startsida og Kulturdepartementet. Sistnemde har no altså gitt løyve på 300.000 kroner årleg i tre år til prosjektet. 

Nettavisa skal ligge på adressa til startsida.no. I tillegg til at prosjektet skal ha ein eigen redaksjon skal også fleire lokale og regionale aviser bidra med stoff.

– Utan støtta frå departementet ville ikkje dette prosjektet blitt gjennomført. Prosjektet vil bygge på den posisjonen startsida.no har etablert gjennom snart fire og ett halvt års drift og gi prosjektet ein god start. Samstundes vil det bli ein direkte link mellom Ung til sinns og ABC Nyheters posisjon. I tillegg ynskjer me å involvere unge og eldre som ynskjer å bidra med synspunkt og lokal kompetanse i våre spalter, seier direktør i ABC Startsida Espen Udland.

Les også: Sponser nynorsk på nett (Journalisten.no)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...