Heim Nyhende Ni statssekretærar kjem frå PR-bransjen

Ni statssekretærar kjem frå PR-bransjen

Landbruksminister Sylvi Listhaug er ikkje aleine i den nye regjeringa om å komme frå PR-bransjen. Ni av dei 38 statssekretærane i Solberg-regjeringa gjer det same.

 

Blant dei nye politiske rådgjevarane til statsrådane har 4 av 14 bakgrunn frå PR-bransjen, skriv Klassekampen.

–  Eg opplever dette som ei enorm anerkjenning av bransjen vår. I Geelmuyden. Kiese har vi rekruttert the best and the brightest i 25 år, og det er lurt av den blåblå regjeringa å trekkje vekslar på desse talenta, seier PR-nestor Hans Geelmuyden til avisa.

Geelmuyden meiner makta i norsk politikk har flytta seg frå partia og over til PR-bransjen.

–  Politikk vert laga på nye måtar i 2013, og dei politiske partia har ikkje lenger monopol. No vert politikk laga på nye arenaer. Kommunikasjonsbyråa er ein viktig del av denne dynamikken, seier han.

Geelmuyden meiner ikkje bransjen har fått for mykje makt.

–  Pressa kallar det påverknad, men vi kallar det medverknad. Vi medverkar til nye regulatoriske løysingar for korleis makta vert utøvd i samfunnet. Slik er vi med på å lage ny politikk, seier han.

I tillegg til dei ni statssekretærane som er henta frå PR-bransjen, kjem tre personar direkte frå jobbar som journalistar eller redaktørar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

MEST LESE

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Gode grunnar for å velja nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK på møte med arbeids- inkluderingsminister Kjersti Stenseng for å visa kor viktig det er satsa på nynorsk i...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Nettseminar: Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa?

Torsdag 24. september klokka 14.00–15.30 inviterer vi til nettseminaret Kvifor og korleis nynorsk i vaksenopplæringa? Det er Noregs Mållag, Nynorsksenteret med personar frå ressursgruppa, og...