Heim Nyhende Vil vurdere nynorskprisen

Vil vurdere nynorskprisen

Kommunal – og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) vil vurdere framtida til prisen Årets nynorskkommune.

– Me ser positivt på at det eksisterer ein nynorskpris som premierer god innsats for nynorskspråket. Me vil no sjå på korleis det vil vere naturleg å følgje opp dette arbeidet vidare, seier Jan Tore Sanner til lnk.no.

I år var det Ørsta kommune som fekk nynorskprisen som blir delt ut av Kommunaldepartementet.

Les også: Ørsta Årets nynorskkommune 2013

Prisen, som vart innført i 2009,  er på 100.000 kroner og eit bilete. Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord , Fjell og Sogn og Fjordane. Bakgrunnen for prisen er å heidre kommunar som arbeider godt for å stimulere til meir nynorskbruk.

Les også: Motiverte til å arbeide meir med språk

I juryen for nynorskprisen sit: Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar, Nina Teigland, Språkrådet.
Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal, Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser og Christine Hjortland, Kommunal- og regionaldepartementet.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...