Heim Nyhende Nynorsk redaktørpris til Magni Øvrebotten

Nynorsk redaktørpris til Magni Øvrebotten

Dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten (59), får Nynorsk redaktørpris 2013. Prisen vert tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk.  

 

 

–  Øvrebotten er og har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve.

I grunngjevinga heiter det at gjennom redaktørgjerninga og som leiar for utdanninga av journalistar som skal levera på nynorsk på alle plattformer, har Øvrebotten vore framsynt.

Alltid jobba for nynorsken
Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet med korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak, skriv Mediemållaget i ei pressemelding.

–  Eg er veldig glad for denne prisen. Eg har alltid jobba for nynorsken, seier Magni Øvrebotten til Nynorsk pressekontor.

–  Tøft for nynorskbrukarar
Øvrebotten har bakgrunn frå Bergens Arbeiderblad, Firda, Nationen og Dølaposten. Ho kom til NRK Sogn og Fjordane i 1980, der ho seinare blei redaksjonssjef og distriktssjef. I 2004 blei ho tilsett som dagleg leiar ved Nynorsk mediesenter i Førde.

–  Det kan vera tøft å vera nynorskbrukar i media. Det er ikkje tilfeldig at mange av nynorskjournalistane hamnar i NRK, TV 2 eller lokalaviser. Ein kan ikkje jobba i Dagbladet om ein vil bruka nynorsk, seier prisvinnaren.

«Sta stubbebrytar»
Ho har gjennom ni år som leiar av Nynorsk mediesenter lært opp 90 journaliststudentar.

–  Eg har hatt ein finger med i spelet for mange karrierar. Det er eg stolt av. Det er kjekt å følgja med på korleis det går med journalistane, seier Øvrebotten.

I grunngjevinga for prisen blir ho omtala som «ein sta stubbebrytar» for nynorsken.

–  Eg er absolutt sta. Og eg har sterk vilje. Det har hjelpt meg mykje. Eg trur alle som kjempar for nynorsken må vera både sta og viljesterke, avsluttar Øvrebotten. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...