Heim Nyhende Nynorskpris til Glashytta

Nynorskpris til Glashytta

Nynorsk næringslivspris for Mållaga på Agder for 2013 gjekk til firmaet Glashytta ved Inger Tone Homme og Tor Birger Egge.

 

Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er sjette gongen Mållaga på Agder deler ut ein slik pris.

Glashytta har laga kvalitetsprodukt av glas i 13 år i hjarta av Setesdal, i Bygland sentrum. Heile tida har dei nytta nynorsk i alt skriftleg. Prisen er på 10.000 kroner pluss diplom med litografi laga av biletkunstnaren Olav Bjørgum.

Inger Tone Homme fekk på vegner av Glashytta overrekt prisen under den store festen i grendehuset på Ose laurdag kveld. Det var fylkesleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag, Astrid Myhre og Hilde Stave, som delte ut prisen. Dei roste firmaet for dei handblåste kvalitetsprodukta og den konsekvente nynorskbruken på alle nivå, ikkje minst i høve marknadsføring. Kvalitet og nynorsk høyrer saman, meiner juryen.

– Nynorsk er viktig for meg, difor er eg ganske medviten når det gjeld å nytte nynorsk framfor bokmål, seier prisvinnaren, etter å ha kome seg noko etter overraskinga.

Glashytta er eit lite familiefirma der ekteparet gjer alt sjølv, frå formgjeving, glasblåsing og kundehandsaming til marknadsføring, gåveinnpakking og ymse administrativt arbeid. Ei omvising og forklåring av glasblåsarteknikkar gjer dei gjerne for grupper etter avtale, og dermed har Setesdal eit lite glaseventyr å syne turistar, skuleelevar og andre som er interesserte. Produkta deira held særs høg kvalitet, og er ei nydeleg bedriftsgåve å gje arbeidstakarane til jul. Kvart glas er unikt, ettersom det vert gjort på den opphavlege måten, dvs. at vinglas, bollar, fat, ljosestakar og vasar vert blåste utan maskinar eller former –  berre på augemål, slik det er gjort i mange hundreår.

– Glashytta er igjen eit godt døme på at bedrifter på Agder gjer klokt i å vurdere om det å marknadsføre seg på nynorsk kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara og kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte, seier fylkesleiarane.

Juryen for Nynorsk næringslivspris på Agder har i år vore leiarane og nestleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag (Astrid Myhre, Hilde Stave, Ålaug Rosseland og Åslaug Haugå) og Sigurd Haugsgjerd, Anne Tone Hageland og Jan Kløvstad.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...