Heim Nyhende Njåstad skeptisk til vestlandsregion utan Rogaland

Njåstad skeptisk til vestlandsregion utan Rogaland

Frps Helge André Njåstad meiner ein ny vestlandsregion har lite for seg dersom berre Hordaland og Sogn og Fjordane går saman. 

Det provoserer fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Njåstad, som leier Stortingets kommunalkomité, meiner det nye storfylket ikkje vil få tilstrekkeleg slagkraft utan at Rogaland også blir med på laget, melder NRK. Han synest det har lite for seg å berre slå saman Hordaland med Sogn og Fjordane, slik forhandlingsutvala for dei to fylka vart einige om tysdag.

– Det er ikkje all verda med vits. Hordaland får 100.000 innbyggjarar til, meir avstand og ein desentralisert struktur. Den store gevinsten ser ein ikkje, seier Njåstad.

– Hordaland og Rogaland bør snakke saman og prøve å lage ein avtale. Vestlandet vil berre kunne konkurrere med Austlandet dersom Stavanger og Bergen er i same region, seier han og meiner den nye regionen blir for liten.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane har lite til overs for Njåstads utsegn.

– Utspelet er veldig freidig. Det var Framstegspartiet som velta avtalen i Rogaland. At Njåstad seier dette no, er respektlaust overfor oss. Vi har tatt nabopraten og sett oss i førarsetet. No har vi to intensjonsavtalar, og det er opp til Stortinget å levere.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...