Heim Nyhende Nominert til Årets museum 2015

Nominert til Årets museum 2015

Nynorsk kultursentrum er nominert til Årets museum 2015 saman med Munchmuseet og Nordnorsk Kunstmuseum.

 

Vinnaren blir kåra under det nordiske museumsmøte på Hamar 9. september.

– Vi har heile tida prøvt å gjere ting på vår måte ut frå klare faglege og politiske mål. Grunntanken vår er at originalen er betre enn kopien, og i eit sterkt miljø av gode medarbeidarar myldrar det med nye, gode idear. Når fagmiljøet sjølv meiner at dette er bra, blir vi stolte og glade for å bli nominerte til den fremste fagprisen ein kulturinstitusjon av vår type kan få i Noreg, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

I pressemeldinga frå museumsforbundet heiter det at «tre særdeles ambisiøse og ekspansive museer er denne gangen pekt ut som kandidater til prisen Årets museum 2015. Det siste året har to av dem opprettet nye filialer – og det ser ut til å bli flere. De arbeider hardt for å nå nye publikumsgrupper, og de markerer seg alle med nye former for samarbeid nasjonalt og internasjonalt. Juryen er glad for å presentere tre kandidater som bryter ny grunn og viser en engasjerende tillit til sine prosjekter.»

 

Hauge-senteret i Ulvik opna i 2014. Tilsaman var nesten 30.000 personar innom Hauge-senteret og Aasen-tunet i fjor. Foto: Hauge-senteret / Guro Ljone

Omtalen av Nynorsk kultursentrum trekkjer mellom anna fram ein framtidsretta og offensiv strategi:

«Nynorsk kultursentrum, med Ivar Aasen-tunet i Ørsta som hovedarena, er en pioner. Nasjonalt og internasjonalt står språk- og litteraturmuseet fram som en uvanlig levende, ambisiøs og systematisk formidler og forvalter av immateriell kulturarv. Museet gir det nynorske språket og litteraturen vitalitet og relevans – blant annet gjennom utstillinger, de årlige nynorske festspela og poesifestivalen i Ulvik annethvert år.

I disse dager meisler museet ut nye former for samarbeid både ved å knytte de norske litteraturmuseene sammen, og ved å bygge et globalt nettverk av språkmuseer. Det drives et omfattende arbeid med å samle og formidle språkarven digitalt, blant annet i form av oppslagsverket Allkunne. Nynorsk kultursentrum har inntatt en viktig rolle i dagsaktuelle språkpolitiske debatter. Samtidig evner de å utvide sitt nedslagsfelt: I fjor åpnet det nye Olav H. Hauge-senteret i Ulvik, og nå arbeides det med å opprette et nytt Vinje-senter i Telemark. Dette viser at vi har å gjøre med et museum med en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi.»

Juryen for årets museum er sett saman av stortingsrepresentant Ib Thomsen (leiar), museumssjef Cornelia Lönnroth fra Göteborgs stadsmuseum og Haakon Flemmen, kulturredaktør i Klassekampen. Sekretær for juryen er Liv Ramskjær, generalsekretær i Norges museumsforbund.

Les alle grunngivingane her!

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...