Heim Nyhende – Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg

– Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg

Noreg er i ferd med å bli tredelt språkleg: dialekt i nord, nynorsk i vest, bokmål i aust. Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015».

 

Nynorskbrukarane finst i alle fylka, truleg også i alle kommunar. Ein av tre nynorskbrukarar bur ikkje på Vestlandet, men det er der dei er mest konsentrerte.

I 20 år har Ottar Grepstad arbeidd med å utvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015» med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda». Direktøren i Nynorsk kultursentrum har redigert 867 tabellar og kommenterer alle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. september blir eit nytt kapittel publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritt tilgjengeleg for alle. 

Dei seinare tiåra har Noreg fått innvandrarar frå over 200 land og sjølvstendige regionar. Desse har med seg endå fleire morsmål, men buset seg mest på Austlandet. Ein større del av innvandrarane i nynorskkommunar kjem frå vestlege land enn i resten av landet, skriv Grepstad.

Nær 400 folkerøystingar har vore haldne om opplæringsspråk i skulane etter 1965. I dei fleste av desse har fleirtala vore knappe, og fleire røysta for nynorsk på 2000-talet enn i 1960- og 1970-åra. Berre på Austlandet enda eit fleirtal av folkerøystingane med ja til nynorsk. Sjå under:

Fem fantastiske språkfakta

  1. I Oslo og på Vestlandet meiner fleirtalet at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk
  2. 500 000 budde i det som frå 1930 blei nynorskkommunar, og 500 000 bur der i 2015
  3. Nynorskkommunane i Hordaland har fått 14 prosent fleire innbyggjarar etter 2000
  4. 45 prosent av vestlendingane og 15 prosent av nordlendingane liker å lese nynorsk
  5. I 2014 brukte norske massemedium «bokmål» 1707 gonger og «nynorsk» 3832 gonger

Kjelde: Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, Aasentunet.no

 

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015

  • Det største verket nokon gong på norsk om utbreiing og bruk av språk
  • 867 tabellar om språk i Noreg og verda gjennom fleire tusen år
  • 19 kapittel, 38 tema-artiklar og eit avsluttande essay
  • Kvar dag kl. 07.00 i 20 dagar blir eit nytt kapittel publisert på Aasentunet.no
  • 1700 sider i utskrift i A4-format

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...