Heim Nyhende Norsk Målungdom har valt ny leiar

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen.

– Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og ser fram til å kjempe for nynorsk og dialektmangfald på fulltid, seier Sebastian Vinsent Natvik, i ei pressemelding.

20-åringen vart i helga valt som leiar for Norsk Målungdom på organisasjonen sitt landsstyremøte på Vinstra.

Natvik har bakgrunn frå lokallaget Katten Målungdom på Bergen Katedralskule, og har erfaring frå landsstyret og sentralstyret.

– Dei viktigaste sakene Norsk Målungdom tek med seg det neste året vil definitivt vere arbeidet med nynorsk i skulen og nynorsk i ein digital kvardag. I arbeidet med den komande opplæringslova må vi få på plass eit heilskapleg krav om at alle digitale læremiddel skal vere tilgjengeleg på nynorsk, stadfestar den nyvalde leiaren,

Resten av det nyvalde sentralstyret ser slik ut:

Leiar – Sebastian Natvik, 20 år frå Alver i Vestland

1. nestleiar – Synne Solberg, 22 år frå Sør-Fron i Innlandet

2. nestleiar – Janne Urkegjerde, 19 år frå Stranda i Møre og Romsdal

Styremedlem – Johannes Rønning, 22 år frå Ørland i Trøndelag

Styremedlem – Ann-Mari Ruste, 20 år frå Dovre i Innlandet

1. vara – Sabina Fosse Hansen, 24 år frå Alver i Vestland

2. vara – Endre Helland Gujord, 18 år frå Bergen i Vestland

3. vara – Sylvelin Bækken Toft, 19 år frå Alver i Vestland

Det nye styret trer i kraft frå 1. juli 2024.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...