Heim Nyhende NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og...

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret.

Direktør Mari Velsand i Medietilsynet meiner utviklinga tyder på at NRKs tiltak, som å bruke nynorskrobot, har hatt ein positiv effekt på nett.

– Medietilsynet vurderer likevel at utviklinga går for sakte på radio, og vi meiner derfor at NRK må utvikle strukturar og system som fremjar auka bruk av nynorsk, seier ho i ei pressemelding.

NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på TV, radio og nett.

I 2022 auka andelen nynorsk på nett frå i underkant av 19 prosent året før til nesten 21 prosent, som er den høgaste andelen dei har hatt på nett nokosinne.

Nynorskdelen auka også på radio, men her var auken mykje svakare, frå 22,7 prosent i 2021 til 23,2 prosent i 2022. På TV oppfylte NRK kravet, men nynorskdelen gjekk ned frå 29 prosent i 2021 til 27,6 i 2022.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...