Heim Nyhende Strålande Festspel

Strålande Festspel

Strålande sommarvêr la rammene for ei fantastisk festivalhelg, med eit variert og innhaldsrikt program og høg kunstnarleg kvalitet. Laurdag kveld fekk nærmare 650 gjestar oppleve ein magisk konsert med Bjørn Eidsvåg i Uteamfiet i Aasentunet.

Temaet for årets Festspel har vore «Barnet». Dette har vist igjen både i programmet og i valet av utøvarar for festivalen.

– Det har vore spesielt kjekt å kunne ha eit eige Festsprell-program og å sjå så mange barn kose seg under årets Festspel. Det har vore ei ære å ha så mange sterke forfattarar og dyktige kunstnarar på scener både i Aasentunet og andre stader i Ørsta og Volda denne helga, seier ansvarleg for Festspela Tone Slenes i ei pressemelding.

Nærare 3500 gjestar har vore innom festivalen.

– Gjestane har gitt oss gode tilbakemeldingar. Dei har opplevd programpostar som er både tankevekkjande og morosame, i tillegg til minneverdige musikalske opplevingar med både elektronika-, vise- og popmusikk, seier konstituert direktør Gaute Øvereng.

Høgdepunkta har stått i kø

Festspela opna offisielt med over 80 inviterte barn i Aasentunet. Ørsta og Volda ballettskule opna det heile med å danse Venskapsdansen, før Festspeldiktar Kari Stai las frå både ei av Jakob og Neikob-bøkene sine og den nyaste boka si Er det sant at.

Laurdag fekk dei som hadde møtt opp i Romedalen ei magisk musikalsk oppleving med fantastiske kulissar, då dei fekk sjå og høyre årets tingingsverk med Anna Kleiva og Vilde Tuv.

Festspeldiktar Kari Stai vart bokbada av Georg, Sebastian og Jakob frå tredje trinn på Øyra skule. Foto: Nynorsk kultursentrum

Litteraturen har stått i fokus gjennom eigne høgtlesingar og samtaler. Desse har vekt sterke følelsar både på scena og hjå publikum.

– Programpostane, med mellom andre forfattarane Olaug Nilssen, Brynjulf Jung Tjønn, Kari Stai, Maria Parr, Sigmund Løvåsen, Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven, vart veldig godt mottekne, fortel Slenes.

– Eg har vore på mange besøk til skular og andre stader. Ikkje for å skryte altså, men poenget er at høgtlesing fungerer for folk i alle aldrar, sa Parr under ein av samtalane ho deltok i.

I tillegg til det annonserte programmet har det også vore fleire arrangement for skular og barnehagar med Festspeldiktaren og Framtida Junior, som er Årets nynorskbrukar. I tillegg har skular hatt forfattarane Ingunn Røyset og Sunniva Relling Berg på besøk.

Festspeldiktaren

Festspeldiktaren Kari Stai, som både er barnebokforfattar og illustratør, har delteke på fleire samtalar om forfattarskapen sin og om radarparet Jakob og Neikob. Ho deltok mellom i eit bokbad saman tre elevar frå tredje trinnet på Øyra skule – eller «bokdusj med badeKar(i) Stai», som Georg i panelet omtala bokbadet som.

– Det mest spennande med å vere Festspeldiktar har særleg vore det store spennet i dei ulike postane eg har fått delta i – frå å ha lesestund og filosofisk samtale med barnehagegrupper og eldre samla gjennom den kulturelle spaserstokken, til å ha samtalar med andre forfattarar på scenen. Alle desse samtalane har hatt eit godt spenn i tematikk, noko som har vore svært givande, sa Festspeldiktar Kari Stai.

Festspela 2024

Arbeidet med Festspela 6.–9. juni i 2024 er alt i gang. Då vil Festspeldiktaren vere forfattar og poet Knut Ødegård.

Ødegård, som bur i Molde og i Reykjavik, er kulturformidlar mellom Noreg og Island og ein forkjempar for menneskerettane. Han er den mest omsette nolevande norske poet , med diktbøker som er omsett til 42 språk. Ødegård har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin, og var mellom anna den første nynorskbrukaren som vart vald inn som medlem av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Vi treng eit nynorskløft i lærarutdanningane

I dag er det beint fram tilfeldig om ein student går ut av lærarutdanninga med kunnskap og kompetanse til å gje nynorskelevane ei god...

Ola Borten Moes handlingsplan for norsk fagspråk møter kritikk

Handlingsplanen til regjeringa for norsk fagspråk møter kritikk frå professor som meiner regjeringa prioriterer det norske språket over kvalitet i forskinga. – Engelsk er språket...

Framtida Junior er årets nynorskbrukar

Framtida Junior fekk prisen "Årets nynorskbrukar 2023" for å bryte veg for meir nynorsk på digitale medieflater og for å skrive om varierte emne...
Mindre lokalt - meir sentralt: Frå Radiohuset til NRK på Marienlyst i Oslo. Foto: Wikipedia

NRK oppfyller ikkje nynorskkravet – framleis for lite nynorsk på nett og radio

Andelen nynorsk i NRK har auka noko, men det er framleis eit stykke igjen til målet, viser Medietilsynets tilsynsrapport for fjoråret. Direktør Mari Velsand i...