Heim Nyhende Ny rapport kritiserer kommune-avrøystingar

Ny rapport kritiserer kommune-avrøystingar

Ein ny rapport frå Institutt for samfunnsforskning (ISF) har undersøkt gjennomføringa av folkeavrøystingane i samband med kommunereforma. Konklusjonen er at nesten ein tredel av avrøystingane var udemokratiske.

 

Alternativa for veljarane var kritikkverdig forma ut i fleire av folkerøystingane om kommunesamanslåing, viser den nye forskingsrapporten «Lokale folkeavstemninger om kommunesammenslåing: Praksis og prinsipper».

Det vart gjennomført over 200 folkerøystingar om kommunesamanslåing mellom 2015 og 2017. Institutt for samfunnsforskning (ISF) konkluderer med at veljarar i fleire kommunar fekk uklar eller mangelfull informasjon då dei skulle røyste. ISF har mellom anna lagt kriterium frå Venezia-kommisjonen til grunn i arbeidet. Venezia-kommisjonen er eit rådgivande organ under Europarådet og skal hjelpe til med å utarbeide grunnlover, grunnlovstillegg og vallover.

Mangelfulle røystesetlar

Rapporten legg til grunn fleire kriterium for kva som har gått gale i dei ulike avrøystingane.

I 63 av avrøystingane var det ikkje mogleg for veljarane å vite kva kommunar dei eventuelt skulle slå seg saman med. Forskarane konkluderer med at det er udemokratisk.

I 48 av folkerøystingane opererte ein med fleire enn eitt alternativ til å halde fram som eigen kommune. Det er ikkje i samsvar med Venezia-kommisjonen tilråding om at eit spørsmål berre skal kunne svarast på med ja, nei eller blank.

I fem kommunar var det ikkje høve til å røyste nei til samanslåing, noko som er klart og utvitydig i strid med kriteria frå Venezia-kommisjonen, ifølgje rapporten.

Vegsamband blei del av avrøystinga

Ein av kommunane som får hard medfart for gjennomføringa av folkerøystinga er Haram i Møre og Romsdal. Haram hadde desse svaralternativa på røystesetelen:

(1) Haram held fram som eigen kommune.

(2) Haram slår seg saman med Sandøy under føresetnad av at Nordøyvegen vert bygt.

(3) Haram slår seg saman med inntil 9 andre kommunar (Giske, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog, Ålesund) i Regionkommune Ålesund.

– Samanslåing med Sandøy er aktuelt både i andre og tredje alternativ. Men dersom det berre skal vere samanslåing med Sandøy, er Nordøyvegen eit vilkår for støtte. Det er uklart kvifor dette sambandet var ein viktigare vilkår dersom dei andre åtte kommunane ikkje skulle vere med. Det er også uklart kvifor veljarane ikkje skulle kunne støtte samanslåing uansett om det vart vegsamband eller ikkje, heiter det i forskingsrapporten.

Ordførar i Haram Vebjørn Krogsæter seier til NRK at det ikkje var feil å trekkje vegsambandet inn i samanslåingsprosessen.

Haram blir del av den nye storkommunen Ålesund frå 2020, trass i at alternativet berre fekk 19, 1 prosent av røystene under folkerøystinga. Det var Stortinget som vedtok samanslåinga i juni i år mot kommunens vilje.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...