Men mange kunne ønskt seg meir pengar til å kjøpa inn bøker – og fleire bøker å velja mellom.

 

 

37 prosent av dei nynorske skulane seier dei kjøper inn fleire nynorske bøker til skulebiblioteket enn før. Berre knapt sju prosent seier dei kjøper inn fleire bokmålsbøker.

Det viser ei undersøking som Pirion og Framtida.no har gjort blant skulebibliotekansvarlege ved nynorske grunnskular. 99 skular med nynorsk som opplæringsmål har svara på undersøkinga.

I snitt har skulebiblioteka i grunnskulen 3700 bøker i samlinga si. Dei reine barneskulane har i snitt 3200 bøker. Eit fleirtal av skulebiblioteka har færre enn 2500 bøker.

DETTE SVARAR SKULEBIBLIOTEKANSVARLEGE:

Tal i prosent

Mange diskuterer aldri innkjøp

29 prosent av dei som svara seier dei sjeldan eller aldri diskuterer innkjøp av bøker i personalgruppa på skulen. Berre litt under 15 prosent diskuterer innkjøp minst éin gong i månaden.

Når det gjeld personalressurs, så har nær 70 prosent av skulebiblioteka som svara berre sett av seks timar eller mindre i veka til skulebibliotekansvarleg. Nær 40 prosent har to timar eller mindre sett av til skulebibliotekarbeid.

Stabilt for sakprosa – få har kjøpt e-bøker

Ni prosent av skulebiblioteka seier dei kjøper meir sakprosa, og 13 prosent seier dei kjøper inn mindre sakprosa enn før.

I snitt hadde kvart av dei nynorske skulebiblioteka kjøpt inn 84 bøker i løpet av 2018. I tillegg hadde dei fått 34 bøker kvar frå innkjøpsordninga til Norsk Kulturfond.

Dei færraste skulebiblioteka har kjøpt inn e-bøker, men 20 prosent av dei som svara har kjøpt inn eit digitalt Lesemeister-abonnement. Over halvparten av dei nynorske skulane har abonnement på Norsk Barneblad.

Ønskjer fleire bøker og betre økonomi

På spørsmål om kva som skal til for å få fleire nynorske bøker i skulebiblioteket er svaret meir pengar til innkjøp, større utval av bøker og betre medvit.

Betre framsider og spennande illustrasjonar blir òg trekt fram.

Silje Vågen Torbjørnsen vil gjerne ha fleire bøker på nynorsk på skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule i Fitjar. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Blir flest bøker på bokmål

Silje Vågen Torbjørnsen er ansvarleg for skulebiblioteket på Rimbareid barne- og ungdomsskule. Ho har kjøpt inn fleire bøker i løpet av det siste året.

– Eg har tenkt at me må ha lettlesne bøker på nynorsk, og nynorsk der det passar. Men det finst så mykje meir på bokmål, så då blir det mest av dei, seier ho, og legg til at ho ønskjer fleire bøker på nynorsk.

– Me ønskjer at elevane skal lesa meir nynorsk.

– Saknar du nokre typar bøker på nynorsk?

– Teikneseriebøker går godt hos oss no. Det hadde vore bra med fleire teikneseriebøker på nynorsk.

Hildegunn Olsen Aadland (12), Ørjan Havn Nesbø (12), Salute Jusciute (12), Hanne Rimmereid (12) og Markus Thomassen (12) seier dei ofte ser på framsida av boka når dei finn ut kva bok dei vil låna.

Ser ofte på framsida

Hildegunn Olsen Aadland (12), Ørjan Havn Nesbø (12), Salute Jusciute (12), Hanne Rimmereid (12) og Markus Thomassen (12) seier dei ofte ser på framsida av boka når dei finn ut kva bok dei vil låna.

– Eg likar spennande bøker, og ofte går det an å sjå på framsida om boka er spennande, seier Ørjan Havn Nesbø (12).

– Har det noko å seia om ho er på nynorsk eller bokmål?

– Eg tenkjer av og til på det, seier Ørjan Havn Nesbø.

– Svært viktig å lesa på nynorsk

Nynorsksenteret jobbar for å motivera og auka kvaliteten på arbeidet med nynorsk i skule og barnehage.

– Det er svært viktig at nynorske bøker blir viste fram i skulebiblioteka. Særleg gjeld det i nynorskkommunane, seier senterleiar ved Nynorsksenteret, Torgeir Parr Dimmen.

Han seier det er eit stort problem at norske barn les for lite nynorsk.

– Inntrykket vårt er at ganske mange nynorskkommunar er for lite medvitne på å nytta nynorsk der det er mogleg. Det handlar om å auka medvitet og passa på at borna møter meir nynorsk.