Heim Nyhende Nynorsk for dumskaller

Nynorsk for dumskaller

– Nynorsk er ikkje vanskeleg, seier Kristin Fridtun, forfattar bak Nynorsk for dumskallar. I boka viser ho at den nynorske jungelen ikkje er så skummel som mange trur.

Nynorsk for dumskallar er skriven for dei som ikkje kan så mykje om nynorsk, men som vil lære litt. Eller: Ho er skriven for dei som ikkje vil lære nynorsk, men som må lære det, heiter det i ei pressemelding. 

Kristin Fridtun var sjølv bokmålselev i tjukkaste bokmålsland. På ungdomsskulen hadde ho ein norsklærar som sa: «Nynorsk er ikkje vanskeleg.» Fridtun trudde ikkje på henne. Seinare måtte Fridtun bite i graset og vedgå at læraren hadde rett.

Fridtun syner veg i nynorsken på morosamt, enkelt og underhaldande vis. Ho stiller spørsmål som: Er Ivar Aasen rota til alt vondt? Ho knuser mytar om nynorsken og Aasen og gir ei enkel og uvanleg god innføring i nynorsk språkføring og grammatikk.

Kristin Fridtun kallar boka eit «lågterskeltilbod»:

– Eg hadde sjølv bokmål som hovudmål fram til eg var 19 år, så eg veit kva slags feller det er lett å gå i. Boka er skriven i medkjensle med dei som slit med nynorsk, i ein lun og triveleg tone. Ingen peikefingrar eller skjennepreiker her.

Fridtun turnerer saman med Riksteatret oppsetning av Bikubesong 1.-9.10 og held daglege språkkåseri før forestillingane. Ho er også fast spaltist i Dag og Tid og har vore bidragsytar i ymse tidsskrift og bøker. Ho kjem frå Elverum, men er busett i Bergen. Fridtun gav i 2011 ut boka Norsk etymologisk oppkok.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...