Heim Nyhende Lettar byrda for språkdelte kommunar

Lettar byrda for språkdelte kommunar

Kommunalminister Liv Signe Navarsete vil gjere det enklare å få pengar til å starte nynorskklasser i bokmålsområde – og omvendt.

 

Kommunane har frå før av plikt til å opprette eigne elevgrupper dersom minst ti elevar på eit årstrinn ønskjer å få skriftleg opplæring på eit anna hovudmål. Men i slunkne kommunekassar er det ikkje alltid lett å finne dei ekstra kronene som trengst til lærar og undervisningsmateriell i slike sidemålsklasser.

Kommunal- og regionaldepartementet vil derfor gjere det lettare å språkdele klasser ved å understreke i regelverket at slike kommunar skal ha rett på ekstra økonomisk støtte frå fylkesmannen.

– Vi har løfta fram lovverket og gitt signal om at dette skal prioriterast, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ingen nye pengar
Det er altså ikkje snakk om ei ny tilskotsordning til sidemålsklasser, men ei presisering av at kommunar med språkdelte klasser i større grad skal prioriterast når fylkesmannen deler ut frå den pengesekken som blir kalla skjønsmidlar.

– Dessverre er det slik at nokre kommunar opplever det som ei økonomisk byrde å sikre språkdelingskravet. Med denne presiseringa av retningslinjene, gir vi eit signal til fylkesmannen om at dei er forplikta til å vurdere om kommunane har ekstra utgifter til språkdeling. Det er altså ikkje sett av nye pengar, men språkdeling blir framheva når det gjeld fordelinga av potten vi har til skjønsmidlar, seier Navarsete.

Språkdeling skal ikkje tynge
Historia bak presiseringa av retningslinjene, er at Åmli kommune i Aust-Agder for nokre år sidan søkte fylkesmannen om pengar, skjønnstilskot i samband med utgifter til språkdeling. Men verken fylkesmannen eller departementet som søknaden blei vidaresendt til, kunne innvilge søknaden.

Med den nye formuleringa vil Navarsete leggje meir trykk på fylkesmannen til å dele ut pengar frå skjønsmiddelpotten til kommunar med språkdelte klasser. Målet er at færre kommunar skal oppleve språkdeling som ei belastning.

– Det er viktig for elevane, viktig for kommuneøkonomien og ikkje minst viktig for faget – at ikkje nynorsk får skulda for å vere ei «økonomisk meirbelastning», eller bokmål, som kan vere tilfelle i andre kommunar, seier kommunal- og regionalministeren.

Går begge vegar
På førsommaren kravde ei gruppe foreldre i nynorskkommunen Sula på Sunnmøre å få eigen bokmålsklasse for barna sine for å få ned elevtalet i kvar klasse. Dei to førsteklassene ved den nybygde Langevåg skule på Sula sør for Ålesund hadde elles hatt 28 elevar kvar til hausten. Etter bokmålskravet blir det i staden tre førsteklasser, éi av dei ei bokmålsklasse på 14 elevar, skriv Sunnmørsposten.

Kommunalministeren er likevel ikkje bekymra for at språkdeling kan bli eit middel foreldra nyttar først og fremst for å krympe klasser. Ho tvilar på at eit forsterka trykk på fylkesmannen til å løyve pengar til språkdeling vil føre til ei oppblomstring av bokmålsklasser i tradisjonelle nynorskområde.

– Det handlar om rettane ungane skal ha. Det er rett og rimeleg at det kan gå begge vegar, seier Navarsete.

Ho understrekar at dei vil følgje med på utviklinga etter endringa i retningslinjene, som etter planen skal gjelde frå 2014.

– Men sjølvsagt vil ei eventuelt ny regjering kunne endre på dette med eit pennestrok, legg ei valkamptent Liv Signe Navarsete til.

FAKTA:

* Skjønsmidlar er pengar som blir delt ut til kommunar frå staten og fylkesmannen etter skjøn.

*Kommunal- og regionaldepartementet utarbeider sentrale retningslinjer for tildelinga av skjønsmiddel, desse blir normalt reviderte kvart år.

* Ved skjønstildelinga skal fylkesmannen ta omsyn til utgifter som kommunane sjølve ikkje kan påverke, som geografiske og demografiske utfordringar.

* Døme: Mange kommunar på nordvestlandet fekk tildelt skjønsmidlar etter ekstremvêret Dagmar.

Kjelde: regjeringa.no

 (@NPK) 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...