Heim Nyhende Nynorsk i Vestlandsregionen? Ja, sjølvsagt!

Nynorsk i Vestlandsregionen? Ja, sjølvsagt!

Den nynorske språkarven må ikkje skuslast bort, men førast aktivt vidare i ein Vestlandsregion – om no det blir sluttresultatet.

Språkdirektør Åse Wetås skriv klokt og innsiktsfullt om språkval for Vestlandsregionen i BT 18.10. Vestlendingane må sjølve ta ansvar og syta for at nynorsk blir administrasjonsspråket og vedta at staten skal bruka nynorsk overfor den nye regionen. Viss ikkje blir alle fagre ord om nynorsk og identitet null verdt. Språknøytralitet er eit dekke for bokmål, det er velkjent. Ingen må la seg lura av det.

– Det skjøna også eit fleirtal i fylkestinget i Møre og Romsdal i vår då dei vedtok at nynorsk skal vera administrasjonsspråket i fylkeskommunen – i nordvestlandsfylket med byane Ålesund, Molde og Kristiansund. Ein språknøytral, dvs. bokmålsbrukande storregion i sør ville  truleg verka undergravande for dette vedtaket. Og det ville vidare kunne svekka og vera til meins for nynorsk som nasjonalmål slik språkdirektør Wetås er inne på.

La det vera tydeleg at Vestlandet held i hop gjennom å hevda nynorsk bruksmål frå Garborg og Torvunds Rogaland til Aasen og Hyldbakks Møre og Romsdal. Nynorsk regionmål blir ikkje noko ulykke for rogalendingane, tvert imot. Gjennom nynorsken blir  kulturell identitet og språkkjensle styrka. Få bymål står nynorsken nærmare enn stavanger – og haugesundsdialekt.

Det kviler eit stort ansvar på dei folkevalde og leiarane deira i dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Den nynorske språkarven må ikkje skuslast bort, men førast aktivt vidare i ein Vestlandsregion – om no det blir sluttresultatet.

Øyvind Fenne, odding og harding med utsyn frå Romsdal

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...