Heim Nyhende Nynorsk kultursentrum er Årets museum

Nynorsk kultursentrum er Årets museum

– Den beste ideen er enno ikkje tenkt, seier Ottar Grepstad.

 

– Å bli Årets museum i konkurranse med så sterke kandidatar som Nordnorsk kunstmuseum og Munchmuseet er berre fantastisk, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Under det nasjonale museumsmøtet på Hamar onsdag tok han imot den gjeve prisen saman med direktør og leiarane for Aasen-tunet og Hauge-senteret.

I grunngivinga si kalla juryen Nynorsk kultursentrum ein pioner i museums-Noreg med «en bemerkelsesverdig offensiv og framtidsrettet strategi».

– Dei orda er som det finaste Hauge-diktet for oss, og no får vi berre lyst til å gjere endå meir. Den beste ideen er enno ikkje tenkt, jublar direktør Ottar Grepstad.

– Denne æra deler vi med millionar av gjester og brukarar, utøvarar og samarbeidspartar, stiftarar og sponsorar. Alt vi gjer, skal vere til nytte for nokon. Vi ønskjer ganske enkelt å vere det rause museet – ein viktig samfunnsinstitusjon med fagleg tyngd, stor tillit og overraskande initiativ som gir resultat.

LES OGSÅ: Løftar fram reklamespråket

Over 200 medarbeidarar på 17 år
Nynorsk kultursentrum blei stifta i 1993 og er no eit konsern med 18 fast tilsette i fleire driftsavdelingar. Aasen-tunet på Sunnmøre er det eldste språkmuseet i verda, Hauge-senteret i Hardanger det einaste lyrikksenteret i Noreg, Allkunne det einaste redigerte oppslagsverket på nynorsk, språk- og litteraturfestivalar blir arrangerte i Ulvik og Ørsta/Volda, og ved årsskiftet kjem ein samla plan for Vinje-senteret i Vest-Telemark.

– Vi har 18 fast tilsette og har på 17 år hatt så mange medarbeidarar på heiltid, deltid og i engasjement at måndag tok medarbeidar nr. 206 til, fortel Grepstad. – Dei har alle gjort sitt, og utan gode styre og styreleiarar hadde vi aldri vore der vi er no.

Driftsbudsjettet for 2015 er på 27 millionar, og Nynorsk kultursentrum har hatt sponsoravtalar heile tida sidan Aasen-tunet opna i 2000. – For kvar ekstra krone vi får i offentlege tilskot, skaffar vi ei krone sjølv. Alle store investeringar har vore gjennomførte innanfor vedtekne budsjett, seier Solholm. – Difor er det ei god investering å satse på oss.

LES OGSÅ: – Eit kraftsentrum for poesi i Noreg

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...