Heim Nyhende Rekordmange vil på Nynorskkonferansen

Rekordmange vil på Nynorskkonferansen

Den tiande Nynorskkonferansen er meir populær enn alle forgjengarane. Den har allereie over 170 påmelde frå heile landet.

 

– Vi har aldri sett på maken. Lærarar i barnehage og skule ser tydelegvis at Nynorskkonferansen kan hjelpe dei når dei kan lære vekk nynorsk, både som hovudmål og sidemål, seier Hjalmar Eiksund.

Han er høgskulelektor ved Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa), og det er han som har det administrative ansvaret for Nynorskkonferansen.

Dette er den tiande Nynorskkonferansen i rekkja, men interessa har aldri tidlegare vore så stor allereie to månader før.

– Det viser at nynorsk er eit evigaktuelt tema. Nynorsksenteret skal hjelpe lærarane med det som skil norsk skule frå alle andre – at vi lærer elevane opp i to standardar av det same nasjonalspråket. Det byr på ein del utfordringar i undervisinga, og på denne konferansen kan lærarane få mange gode tips, seier Eiksund.

Nynorskkonferansen er for lærarar på alle klassesteg, barnehagelærarar, skuleleiarar, lærarstudentar, skulebibliotekarar, oppvekstsjefar, lærarutdannarar og andre interesserte frå heile landet. Den skal vere i Bergen 21. og 22. oktober. Dei fleste foredraga og kursa er interessante for alle som på ein eller annan måte jobbar med å lære vekk nynorsk. Nokre av seminara er retta mot dei som jobbar i barnehage, og nokre for dei som jobbar i skulen. Nokre er først og fremst for dei som skal lære vekk nynorsk som sidemål.

– Vi har framleis ledige plassar, både på seminara og fellessesjonane. Vi håper endå fleire grip sjansen før påmeldingsfristen 15. september. Vi har mykje spanande å by på, seier Hjalmar Eiksund.

Les meir om konferansen på nynorsksenteret.no.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...