Heim Nyhende Nynorsk leseaksjon på turné i Sogn og Fjordane

Nynorsk leseaksjon på turné i Sogn og Fjordane

Den nynorske leseaksjonen «Tid for ti» er på biblioteks-turné i Sogn og Fjordane. Målet er å vise fram breidda i nynorsk litteratur og stimulere til lesing.

Turneen er eit samarbeid med Fylkesbiblioteka i Sogn og Fjordane og Foreningen les sin leseaksjon Tid for ti . I alt skal dei besøkje ni bibliotek i fylket. Aksjonen rettar seg mot elevar på 7. trinn. Dei får møte forfattar Anders Totland som har skrive boka Engel i snøen.

– Det er veldig fint å få møte så mange potensielle lesarar. Sånn sett er ein turne som denne heilt ideell. Ikkje berre treff eg ungdom som er i målgruppa for bøkene mine, men gjennom leseaksjonen Tid for ti har dei også førebudd seg før eg kjem, og er jamt over veldig interesserte og engasjerte. Dessutan er det ei oppleving i seg sjølv å køyra land og strand rundt i Sogn og Fjordane, seier Anders Totland til LNK-Nytt.

Motiverer til nynorsk
15.000 elevar på 7. trinn deltek i Tid for ti, og alle får ein antologi med utdrag frå nynorske ungdomsbøker.

Fylkesbiblioteket ynskjer å støtte opp om skulane og biblioteka som melder seg på Tid for ti .

– Med denne turneen vil vi motivere til endå meir lesing av nynorsk litteratur. Vi har tru på at Tid for ti vil få ringverknader utover klassane som er med. Vi håpar aksjonen vil inspirere skular og bibliotek til å satse vidare på litteraturformidling for barn og unge, seier fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane Siri Ingvaldsen.

– Bokmål er fint i dikt
Anders Totland seier han snakkar minst mogeleg om nynorsk.

– Det høyrest kanskje litt rart ut, men noko av poenget med denne aksjonen er å la sjuandeklassar over heile landet få oppleva nynorsk kvalitetslitteratur, utan at dei sjølv nødvendigvis er klare over at det er det dei gjer. Poenget er at det er gode bøker, og så er alle på nynorsk. Eg får likevel ein del spørsmål om kvifor eg skriv nynorsk, slik eg alltid får på skulebesøk. Til det svarar eg som regel at bokmål er fint i dikt.

Finn stemma på nynorsk
For Anders Totland er språket det viktigaste verktøyet for å fortelja gode historier. Og skriftspråket hans er nynorsk.

– Det er ikkje eit val eg har tatt, det er berre sånn det er. Skulle eg skrive på bokmål, eller engelsk for den del, er eg redd mi eiga stemme vil forsvinna. Eg er nemleg ikkje så god på rettskrivingsreglar og den slags, men ser på skrivinga på same måten som når eg speler piano. Det handlar om å få det til flyta.

Du kan sjå Anders Totland blogga frå turnéen her:

Dag 1: https://totlanders.wordpress.com/2017/03/06/tid-for-ti-turne-dag-1/

Dag 2: https://totlanders.wordpress.com/2017/03/07/tid-for-ti-turne-dag-2/

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...