Heim Nyhende Nynorsk litteraturpris til Fløgstad

Nynorsk litteraturpris til Fløgstad

Nynorsk litteraturpris 2009 går til Kjartan Fløgstad for romanen Grense Jakobselv.

– Grense Jakobselv er eit overflødigheitshorn skrive med kunnskap og vidd, språkleg spenst og eit skarpt auge på samtid og nær historie. Det eventyrlege, det grufulle og det gjenkjennelege er vevd i kvarandre og utgjer ei heksegryte av forteljingar, skriv juryen i grunngjevinga.

Det er Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret og Noregs Mållag som står bak prisen. Den er på 30 000 kroner. Kjartan Fløgstad har tidlegare fått Nynorsk litteraturpris i 1986 og fekk Målprisen i 2005 frå Noregs Mållag.

I juryen for Nynorsk litteraturpris sit Ruth Lillegraven, Vidar Lund og Ragnhild Hilt.

Les meir om grunngjevinga her.

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Ny lærebok vil vise at nynorskopplæring er moderne

Lærarstudentar og norsklærarar som strevar med nynorsk får gjennom ei ny bok høve til å styrkje nynorskkompetansen sin. – Boka er sett saman av ulike...

Vel nynorsk for barnet ditt!

Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje...

Det nynorske næringslivet foreinar kreftene

Den nye medlemsorganisasjonen Nynorsk bedriftsforum skal vere eit landsdekkande nettverk av og for nynorskbedrifter. Målet er å betre dei språklege arbeidsvilkåra for nynorskbedriftene, slik...

Unikt Aasen-materiale publisert på nett

Boksamlinga etter Ivar Aasen inneheld omlag 2 500 bøker. I januar i år tok Nynorsk kultursentrum til på arbeidet med å gå gjennom alle...