Heim Nyhende - Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

– Nynorsk nyttig i møte med innflyttarar

Nynorsk kan vere nyttig for ein kommune i møte med innflyttarar og innvandrarar, meiner kommunal – og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. 

Det sa ministeren då ho snakka om kommunal omdømmebygging på landsmøtet til LNK i Loen. 

– Dei 116 kommunane som har valt nynorsk som målform er seg medvitne tradisjon og kultur. Dei er levande prov på kor viktig det har vore å kjempa for inkludering, sa Kleppa. Ho streka under at nynorsken ikkje berre gir eit særpreg, den fortel også noko om historia. 

– Den fortel noko om kva som har vorte teke inn i varmen og definert som norsk kultur, og at dette korkje har vore eller er sjølvsagt på nokon måte.  Ivar Aasen, som var sentral i språkkampen, hadde meiningar om kva vi i Noreg skulle dyrka fram i høve til kultur. Han let ikkje det rådande synet på kva som skulle vera offisiell norsk kultur stå uimotsagt. Han lanserte sitt eige alternativ, nynorsken, basert på dialektane. Det var ein kamp som skapte større mangfald og meir demokrati i landet vårt. Nynorsken har vore med på å inkludera folk i den demokratiske fellesskapen. Det er ei utfordring som har fellestrekk med arbeidet med inkludering og integrering, sa Kleppa.

Ho la til at det å vera tolerant og å ha ein sterk kulturell identitet ikkje er motsetningar.

– Å ha ståstad i eigen kultur kan styrka evna til å forstå det som er annleis. Også evna til å ta i bruk nye impulsar og ressursar. Vinje i Telemark eit døme på det. Innbyggjarane der har tatt konsekvensen av at det fleirkulturelle samfunnet er ein del av det moderne Noreg. Dei satsar på kultur og dei satsar på integrering. Tradisjon og fornying går hand i hand. Slik kan eit lokalsamfunn ta i bruk både historie og dagsaktuell røyndom når dei skal formidla og forklara folk som kjem utanfrå kven dei er. Det gir tryggleik, og det gjer menneska rausare, sa Kleppa.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...