Heim Nyhende Nynorske hotell må snike inn bokmål

Nynorske hotell må snike inn bokmål

Fleire hotell som marknadsfører seg på nynorsk, må snike inn bokmålsord for å vere søkjeoptimale og få overnattingsgjester.

Dag Bondeheim i Skien er eitt av desse hotella som må bruke bokmål mot sin vilje i marknadsføringa. Hotellet er eigd av Mållaget Dag. I vedtektene til hotellet står det at nynorsk skal vere målformen, men likevel har Dag Bondeheim nettsider med både bokmål og nynorsk.

– Vi har lytta til ekspertar på marknadsføring og nettsøk. Dei seier at det er naudsynt å ha bokmål på nettsidene fordi folk søkjer på bokmål. IT- og reiselivsspråket gjer at vi måtte velje eit kompromiss, seier styreleiar for Dag Bondeheim, Hans Magne Gautefall til NRK.no.

Kompromisset blir vist som to norsk flagg øvst på nettsida, eitt med nynorsk tekst og eitt med tekst på bokmål. Dette har provosert ein del nynorskbrukarar og blir truleg tatt opp i Telemark Mållag sitt styre, ifølgje NRK.

Uppigard Natadal Gjestegard i Flatdal i Telemark har gjennomført nynorsktekst på nettsidene sine, men har snike inn einskilde bokmålsord i teksten for å vere søkjeoptimale.

Hotell Alexandra i Loen i Indre Nordfjord er konsekvente med bruken av nynorsk.

– Kvart år har vi 105 000 gjester på hotella våre, så det viser vel at valet vårt er riktig, seier administrerande direktør, Richard Grov. Han trur heller at det kjem fleire gjester til hotellet fordi det bare bruker nynorsk.

– Nokon må seie klart og tydeleg frå om at dette er vår målform, og det er slik vi skal byggje opp identiteten til bedrifta vår, legg han til.

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...