Heim Nyhende Nynorske lesefrø

Nynorske lesefrø

Arbeider du i eit bibliotek eller i ein barnehage og ønskjer å vere med på å stimulere til auka bruk av nynorske barnebøker?

 

Nynorsksenteret inviterer deg til å sende ein søknad om å delta i prosjektet Nynorske lesefrø. Nynorske lesefrø er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, eit bibliotek i kommunen og barnehagane, og det er biblioteket som sender søknad og koordinerer prosjektet i sin kommune. Gjennom Nynorske lesefrø etablerer ein samarbeid mellom biblioteket og barnehagane som deltek, for slik å auke tilgangen på nynorsk litteratur i barnehagen. Samarbeidet skal inspirere til stor leseaktivitet og styrkje språkstimuleringa på nynorsk i barnehagen.

Kvar barnehage får mellom anna ein bokpakke, plakatar, kursing og informasjon. Nynorsksenteret gjev også 15.000 kroner i prosjektstøtte til kvar kommune.

Språkstimulering

Nynorsksenteret skal arbeide for å styrkje språkstimuleringa på nynorsk i barnehagen. I prosjektet Nynorske lesefrø ønskjer Nynorsksenteret, bibliotek og barnehagar å løfte fram den gode nynorske barnelitteraturen og gje borna positive opplevingar knytt til bøkene. Tilbodet gjeld kommunar med nynorsk som hovudmål.

– Born i område med nynorsk som hovudmål treng å møte det nynorske skriftspråket for å bli trygge nynorskbrukarar sjølve. I det daglege møter dei bokmål svært mange stader, og vi vil stimulere til auka bruk av nynorske barnebøker i barnehagen og på biblioteket. Borna treng gode språklege førebilete. Vi vil gje dei tilsette i barnehagen og på biblioteket tilbod om seminar om språkstimulering, heiter det i ei pressemelding frå Nynorsksenteret.

Dei ønskjer å nå ut med Nynorske lesefrø til flest moglege kommunar som har nynorsk som administrasjonsspråk og der nynorsk er hovudmål i skulen. Biblioteka er ressursar i kommunane, og det er naturleg at biblioteka er ein samarbeidspartnar i prosjektet. Det er eit mål at prosjektet vert sjølvstendig i kvar kommune, slik at biblioteket og barnehagane kan samarbeide også etter prosjektperioden.

Les meir om prosjektet her!

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...