Heim Nyhende Nynorskfolk låner få nynorskbøker

Nynorskfolk låner få nynorskbøker

Berre seks av dei hundre mest utlånte barne- og ungdomsbøkene i nynorskkommunar er nynorskbøker.

– Folk i det nynorske kjerneområdet les faretruande lite nynorsk, seier Ragnfrid Trohaug, redaktør i Samlaget til Framtida.no.

Biblioteksstatistikken for heile landet viser at berre 1 prosent av dei tusen mest lånte bøkene var nynorskbøker. For dei nynorske biblioteka var talet 6 prosent, ifølgje tal som Samlaget har henta inn frå flesteparten av biblioteka, skriv Framtida.no.

Dei dårlege lånetala for nynorskbøker samsvarer dermed ikkje heilt med at mellom 5 og 8 prosent av bøkene som er gitt ut dei siste tjue åra er skrivne på nynorsk. Det skal heller ikkje vere kvaliteten det kjem an på, då nynorskbøker for barn og unge stadig vekk håvar inn prisar. Fire av dei seks siste Brageprisane for barne- og ungdomsbøker har gått til nynorske bøker.

– Eg trur ein del formidlarar, lærarar, bibliotekarar og foreldre ikkje tenkjer på ungane som nynorskbrukarar, seier Ragnfrid Trohaug og legg til:

– Alle skulebibliotek burde tapetserast med nynorskbøker. (NPK)

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...