Heim Nyhende Nynorskpris til Bryn og Riise

Nynorskpris til Bryn og Riise

Journalistane Ingvild Bryn i NRK og Arill Riise i TV2 er Årets nynorskbrukarar 2012. 

Dei får prisen for utsøkt språkrøkt og framifrå bruk av normert nynorsk i moderne nyhendejournalistikk i radio og fjernsyn, heiter det i grunngjevinga frå Nynorsk kultursentrum. Prisane blir delte ut under opninga av Dei nynorske festspela i juni, kvar av prisvinnarane får 40.000 kroner.

– Eg blir berre meir og meir glad i nynorsken, så eg set stor pris på å få denne utmerkinga. Nynorsk er ikkje berre vakkert i poesien, det er også eit presist og klart nyhendespråk, seier Ingvild Bryn i ei pressemelding.

Arill Riise er både glad og kry over å ha fått prisen.

– Når tidlegare prisvinnarar er folk som Kjartan Fløgstad og Maria Parr, blir eg audmjuk. Eg er då berre ein journalist, seier han.

Ingvild Bryn frå Voss har vore journalist i Horda Tidend før ho kom til NRK i 1984. Ho har vore både leiar og styremedlem i Mediemållaget. Arill Riise frå Ørsta byrja i NRK i 1983, han var også informasjonsleiar på nynorsk i Fiskebåtredernes Forbund frå 2003 – 2006. I 2006 byrja Riise i TV2, han har også gitt ut tre bøker.

– Prisvinnarane har vore språklege førebilete og hjelparar for svært mange, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum. Han meiner tildelinga også er ei klar språkpolitisk melding om at normert nynorsk også må høyrast i radio og fjernsyn.

– I Noreg har det danna seg ein sterk og verdfull tradisjon for at nynorsk gjerne blir realisert som tale gjennom dialektane. Denne dialekttradisjonen skal førast vidare, men no når 2012-normalen for nynorsk blir innført, bør me også gi meir rom for normert nynorsk tale. Som alle andre språk er nynorsk både eit skriftspråk og eit talespråk, seier Grepstad.

Det er 13.gongen Nynorsk kultursentrum deler ut prisen Årets nynorskbrukar. Tidlegare prisvinnarar er mellom andre musikkgruppa Side Brok, idrettsutøvar Kari Traa, forlagsredaktør Guri Vesaas og seksjonsoverlege Ottar Rekkedal.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Alt gjer seg betre på nynorsk

Prisvinnar Øystein Furevik gir folk nynorsk i ei verd prega av engelsk. For han er nemleg alt betre på nynorsk. – For meg er nynorsk...

Nynorsk kultursentrum stiller opp for Det Norske Teatret

Det Norske Teatret troppa opp på Festspela for å lansere si nye kampanje for å tette finaniseringsgapet som har utvikla seg samanlikna med Nathionaltheatret....

Nynorsk barnelitteraturpris til Markus Lantto og Camilla Kuhn

Forfattar Markus Lantto og illustratør Camilla Kuhn har fått Nynorsk barnelitteraturpris 2022 for boka Kåre og Marimba hjelper til gjeven ut på Samlaget. – Juryen...

Ber storsamfunnet syta for at retten til eige språk og kultur er reell

Landstinget til LNK Nynorskkommunane kom med støtte til samar, kvener, norskfinnar og skogfinnar. – Me i LNK Nynorskkommunane var samla til landsting same dag som...