Heim Nyhende Nytt på samisk for barn og unge

Nytt på samisk for barn og unge

No har det kome ut eit aktivitetshefte for barn som er i ferd med å lære seg å lese. Heftet kjem på nordsamisk, nynorsk og bokmål og heiter Alle gode ting.

I tillegg har det og det siste året kome ei ny fireårsbok på nord- og lulesamisk med ein song-CD til, som vart gjeve ut på IKO-forlaget. Det er også forventa at det skal gjevast ut ei ny nordsamisk konfirmantbok i desember i år. Det melder kyrkja.no.

– Det er svært gledeleg at vi har byrja å få ein del materiell på samisk til ulike aldrar. Eg vil spesielt rose Alle gode ting som eit døme på inkludering. Den har same illustrasjonar i alle språkvariantar, og illustrasjonar frå samisk kontekst, seier trusopplæringsrådgivar i Samisk kyrkjeråd, Stein-Erik Anti.

Materialet blir teke godt i mot rundt omkring i forsamlingane. I Kautokeino har menigheitskontoret ein liten bokhandel der folk kan kjøpe kristne bøker på samisk.

– Det er veldig viktig at bøkene er på samisk for at borna skal kjenne at stoffet er noko som angår dei. Samstundes er det ein fordel at bøkene ikkje berre er omsett frå norsk, men tilrettelagt for ein samisk kontekst, seier sokneprest Bjarne Gustad Gustad.  (KPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...