Heim Nyhende Nytt seminar: Leseglede og lærelyst med nynorsk barnelitteratur

Nytt seminar: Leseglede og lærelyst med nynorsk barnelitteratur

På sjølvaste Verdas bokdag 23. april blir tilsette i barnehagar, bibliotek og skular invitert til seminar i Suldal om formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur.

 

– Me arrangerer dette seminaret for å visa fram den rike barne- og ungdomslitteraturen på nynorsk og me visa korleis denne kan formidlast til endå fleire lesarar, seier Svein Olav Langåker i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Forfattar og seniorredatør i Samlaget Ragnfrid Trohaug kjem til seminaret for å snakka om den nynorske barnelesaren sine ukrenkelege rettar. Høgskulelærar ved Nynorsksenteret Janne Karin Støylen skal snakka om formidling av nynorske barnebøker og Elisabeth Rege, universitetslektor ved Lesesenteret, skal snakka om dialogisk lesing og vaksne som språklege rollemodellar. Anna Folkestad, forfattaren og illustratøren bak kjende barnebøker som Henrik And og Unni og Gunni er òg mellom dei som kjem.

Seminaret blir arrangert som eit samarbeid mellom Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Nynorsksenteret, Samlaget, Ryfylkebiblioteka, Ryfylkemuseet og Fylkesbiblioteket i Rogaland.

Program for seminar 23. april:
09.15 Registrering og kaffi

09.45 Opning v/ordførar i Suldal Torkel Myklebust

09.55 Ragnfrid Trohaug, seniorredaktør ved Samlaget: Den nynorske barnelesaren sine ukrenkelege rettar og Leseland-satsinga til Samlaget.

10.35 Janne Karin Støylen, formidlar og høgskulelektor ved Nynorsksenteret: Om formidling, spesielt om satsinga «Nynorske lesegledarar»

11.15 Svein Olav Langåker, redaktør i Framtida.no og Pirion: om leselystsatsinga for ungdom i Framtida.no

11.30 Lunsj

12.15 Elisabeth Rege, universitetslektor ved Lesesenteret: Om dialogisk lesing og vaksne som språklege rollemodellar. Hentar døme frå Mopp og Mikko-prosjektet i Ølensjøen barnehage og Bokstavsommaren.

13.00 Petra Helgesen, redaktør Mangschou forlag: Kunsten å velje nynorskbok. Om føresetnader for god formidling og nye, gode bøker.

13.55 Pause med kaffi

14.10 Ingrid Holmboe Høibo, høgskulelektor ved Høgskolen i Telemark: Om formidling av bildebøker og kva som er ein god barnebokapp

14.50 Anna Folkestad, forfattar og illustratør – om formidling av barnebøker

15.35 Stig Beite Løken ved Rogaland fylkesbibliotek informerer om Hele Rogaland leser

15.45 Pause – me går ned til Ryfylkemuseet

16.00 Omvising i Lølandutstillinga ved Kjersti Moe ved Ryfylkemuseet og fingermat på Ryfylkemuseet

17.40 Båten går til Stavanger frå Sand. Framme i Stavanger 19.30.

Påmelding: gå til fylkesbiblioteket i Rogaland sine nettsider!

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...

Feirar nynorskveka over heile landet

– Me oppmodar alle til å skriva nynorsk denne veka. Alle som ikkje skriv nynorsk til vanleg, kan bruka veka til å prøva seg...

Kvar fjerde 10.-klassing får ikkje karakter i sidemål – Noregs Mållag reagerer

Det store talet på elevar som får fritak frå sidemål er ei stor utfordring for den obligatoriske sidemålsopplæringa i skulen, meiner landsmøtet i Noregs...

Slik vil Noregs Mållag nå éin million nynorskbrukarar innan 2050

Landsmøtet i Noregs Mållag ønskjer seg éin million nynorskbrukarar innan 2050. I denne fråsegna legg dei ein plan for korleis dette kan gjerast. Dei siste...