Heim Nyhende No legg både hotell og bad om til nynorsk

No legg både hotell og bad om til nynorsk

Etter press frå Målungdommen har både Sunnmørsbadet og Skei Hotell gått vekk frå bokmålsprofilen.

– Herøy er ein nynorskkommune, og badet skal vere eit regionalt tilbod for innbyggjarane, seier Håkon Remøy i Bergen Studentmållag.

– Då burde nynorsk vere det sjølvsagte språkvalet, legg Herøyveringen til.

Han siktar til Sunnmørsbadet i Herøy, eit nyopna tilbod med mål om 100.000 besøkande i året. I profil og promotering har nynorsken blitt brukt, sjølv om ein kunne venta seg det i ein kommune som Herøy.

Saman med Norsk Målungdom sendte Bergen Studentmållag brev til Språkrådet der dei ber om svar om Sunnmørsbadet skal bruka nynorsk etter Mållova, spesielt med tanke på at kommunen eig 54 prosent av selskapet.

LES OGSÅ: Nye Stortinget.no nesten utan nynorsk

Har snudd
– Dette handlar om synleggjering av nynorsken der han høyrer heime. Viss du ikkje skal få gå på eit nynorsk bad på Sunnmøre, kor skal du då finne det, spør Håkon Remøy.

No har han fått svar – du skal faktisk finna eit nynorsk bad på Sunnmøre. Sunnmørsbadet har snudd i saka, og skal no profilera seg på nynorsk, melder dei på Facebook.

 

 

Det blir motteke med glede.

– Slikt varmar meir enn eit varmtvassbasseng. Til lukke, skriv ein av kommentatorane på Facebook.

LES OGSÅ:– Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet

Nynorsk også på Skei
Dette er ikkje den einaste kampen Målungdommen har vunne den siste tida.

I førre veke gjekk dei ut mot Skei hotell i Jølster, som nyleg er kjøpt opp av Olav Thon. I si nye drakt var nynorsken fjerna frå hotellet.

– Thon Hotels bør heller spele på den lokale identiteten og bruke nynorsk. Ein tydeleg nynorskprofil gjer hotellet knytta til staden det ligg, og vil gjere det til eit føredøme for andre hotell, sa Jorunn Simonsen Thingnes, sentralstyremedlem i Målungdommen, som reagerte sterkt på bokmålsprofilen.

No har også Skei Hotell snudd – det blir nynorsk i Jølster.

– Alt gjestane kjem over av skrift her på hotellet skal vere på nynorsk, seier direktør Terje Kleveland ved Thon Hotel Jølster til NRK Sogn og Fjordane.

– Alle nordmenn forstår nynorsk viss dei vil, så det ser eg ikkje på som noko problem. Det kan heller vere med på å styrke det nynorske språket, slik at ikkje det fell heilt vekk, legg han til.

LES OGSÅ:No skal politiet på kurs i nynorsk

Vil ikkje alltid vera sure
– Dette er eg sjølvsagt veldig nøgd med. Det viser at viljen er der. Det er vilje til å bruka nynorsk, men ein treng kanskje eit lite spark av og til, seier Karl Peder Mork, leiar i Målungdommen.

Etter å ha fått både Skei Hotell, Sunnmørsbadet og ferjene i Sogn og Fjordane til å bruka nynorsk – kva blir det neste målet?

– Me får sjå. Dei sakene som har vore må først gjennomførast. Men så er det sjølvsagt mange stader me kune kommentert. Men det er ikkje slik at me skal kommentera alt heile tida heller. Me håpar desse vil vera gode førebilete i tida som kjem, slik at me slepp å gå rundt med peikefingeren og vera sure heile tida. Det tener ingen på, seier Mork.

LES OGSÅ: Målungdommen får nynorskferje

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

– Eit svik mot nynorskelevane 

Utdanningskomiteen har no lagt fram innstillinga si til ny opplæringslov. Trass i tydelege krav frå alle hald om at læringsressursar som er utvikla til...

Nynorsk-tap på Stortinget: – Ekstremt skuffande

Utdanningskomiteen på Stortinget har i dag sagt nei til å sikre nynorske læringsressursar som er laga for skulen. – Det er heilt uforståeleg at fleirtalet...

Skriv nynorsk på nynorskdagen 12. mai

– Vi utfordrar alle i Noreg til å skrive nynorsk i dag. Nynorsk er for alle, og på nynorskdagen er det lov å prøve,...

Tre millionar til nynorskbrukarane

Nynorsk kultursentrum får til saman tre millionar i eingangstilskot på revidert nasjonalbudsjett. – Dette er svært! Desse midlane skal vi bruke klokt i tett samarbeid...