Heim Nyhende Offentleg språkbruk er viktig for demokratiet

Offentleg språkbruk er viktig for demokratiet

Korleis myndigheitene kommuniserer med oss innbyggjarar har stor betydning for kor demokratisk samfunnet er. Studiet Klart språk ved Universitetet i Oslo jobbar for å få tydelegare språkbruk frå myndigheitene ut til folket.

– Ein viktig del av dette studiet er å oppdage makta som ligg i tekstar frå myndigheitene, seier fagansvarleg Johan Tønnesson for bachelorprogrammet Klart språk på Universitetet i Oslo til Nynorsk pressekontor.

Vi møter språkprofessoren på kontoret hans på det Humanistiske fakultetet på Blindern. Journalisten kom nokre minutt for tidleg til avtalen og måtte pent vente på gangen til Tønnesson var ferdig med eit telefonmøte – også det om språk.

Korona

– Beklagar ventetida, seier han med vennleg røyst når døra går opp til presist avtalt tidspunkt.

For på studiet Tønnesson leier er presisjon ein viktig faktor. Språkprofessoren trekker fram eit heilt konkret eksempel på kvifor det er viktig at den språklege kommunikasjonen frå myndigheitene er presis.

Språkprofessor Johan Tønnesson meiner myndigheitene var heilt avhengige av å kommunisere tydeleg under koronapandemien. – Så då var det jo utruleg heldig at dei hadde «Mr. Klar språk himself» Espen Rostrup Nakstad som formidlar, seier han. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK

– Sjå berre på korona-handteringa. Klart språk var enormt viktig då. Kva hadde ein lov til? Kva hadde ein ikkje lov til? Kvifor var det viktig å vaksinere seg? Myndigheitene var heilt avhengige av å kommunisere tydeleg. Så då var det jo utruleg heldig at dei hadde «Mr. Klar språk himself» Espen Rostrup Nakstad som formidlar, seier språkprofessoren engasjert.

Klart språk-studiet blei starta i 2019 og det første kullet med nyutdanna klarspråkstudentar blei uteksaminert i fjor. I desse dagar planlegg Tønnesson korleis han kan rekruttere nye studentar til det relativt nyoppstarta bachelorprogrammet. Han set seg framfor dataskjermen på kontoret og les opp teksten han skal forkynne til elevar på vidaregåande for å få dei inn på studiet:

«Det er inga sjølvfølgje at demokratiet kjem til å overleve – heller ikkje i Noreg. Ein viktig byggjestein i demokratiet er språket. Viss Nav og utlendingsmyndigheitene skriv uforståelege skjema, og viss vi ikkje blir inviterte til å ytre oss slik at myndigheitene forstår kva vi har på hjartet, vil det gå både på tilliten og rettstryggleiken laus. Dette er utgangspunktet for studieprogrammet Klart språk som du no skal bli litt kjend med.»

– Det er det eg skal lokke 18- og 19-åringane med, fortel Tønnesson.

«Ut og nave»

Ein offentleg aktør som klarspråk-studentane tidleg får stifte kjennskap til er Nav. Dei forvaltar ein tredel av statsbudsjettet og har over 22.000 medarbeidarar. Dei fleste nordmenn har på eit eller anna tidspunkt vore i kontakt med Nav, og etaten er sentral for livet til mange nordmenn. Difor er det òg ekstra viktig at kommunikasjonen frå dei ikkje verkar uforståeleg for folk.

– Når det kjem ein ny student her, så er noko av det første dei gjer å gå laus på ein informasjonstekst frå Nav. Kva er bra og kva er ikkje bra med teksten? Vi oppmodar studentane til å lese teksten som om han er skriven til dei, seier Tønnesson.

Studentane er òg ute i «felt». I fjor haust besøkte førsteårsstudentane hovudkontoret til Nav.

– Vi blir verkeleg tatt på alvor der. Dei vil gjerne ha impulsar og utdanna folk. Dei er villige til å ta imot så mange praktikantar herfrå som vi kan sende.

For Klart språk-studiet skil seg på fleire måtar frå andre studium ved UiO. Å få prøvd ut kunnskapane ute i felt er ein viktig del av det å bli klarspråkmedarbeidar.

– På siste del av bachelorstudiet er det ein praksisperiode der studentane er ute i den verkelege verda. Ein god del har praksis hos Nav, nokre er i juridiske verksemder, og andre igjen prøver seg hos føretak som jobbar direkte med klart språk. Moglegheitene er mange, konstaterer fagansvarleg Tønnesson.

På betringsveg

Språkprofessoren er klar på at det framleis er ein jobb å gjere for å få på plass tydelegare kommunikasjon frå myndigheitene. Han understrekar likevel at vi har komme ein lang veg.

– Eg skal vere litt optimistisk og seie at det er mykje betre enn det ein gong var. Det gamle kansellispråket har stått for fall, men det betyr ikkje at vi ikkje finn eksempel på det framleis.

Han trekker fram at medvitet rundt klar kommunikasjon har gått parallelt med den teknologiske utviklinga på ein stort sett god måte.

– Når nokon sit i ein organisasjon og får haugevis av medlingar frå folk som ikkje skjønar nettsida, går dei til IT-folka og spør korleis ein kan løyse det? Då er samarbeidet i gang. Skatteetaten er stjerneeksempelet der. For oss som borgarar er det langt lettare no enn den gongen vi skulle lese rettleiinga for sjølvmeldinga på papir og prøve å skjønne den.

Den teknologiske utviklinga kan likevel vere ei utfordring for klarspråket.

– No er vi i ein fase med kunstig intelligens som òg blir ein viktig del av offentleg styring. Det er veldig komplekst. Ein hovudfare, slik eg ser det, er at det i for stor grad er IT-kompetansen som styrer. Det kan gi effektivitet på den måten at vi som borgarar berre plottar inn informasjon i standardiserte skjema. Ein effektiv IT-prosess, men eg som borgar blir umyndiggjort. Dei tekniske systema fangar ikkje opp om folk forstår eller er fornøgde med prosessen. Folk må forstå for å kunne delta, seier Tønnesson før han ser på klokka og konkluderer med at vi må runde av fordi han har eit anna møte.

For klarspråk-professoren er presis til avtalar – like presis som språket han og dei andre ved Klart språk-studiet lærer vekk til dei som skal forme offentleg kommunikasjon i åra framover.

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...