Heim Nyhende Oljefunn utanfor Sogn og Fjordane

Oljefunn utanfor Sogn og Fjordane

Eit tysk storkonsern har funne olje utanfor Florø. Næringslivet håpar funnet kan bety starten på eit oljeeventyr i Sogn og Fjordane.

Leitesjef John Clark i det tyske konsernet RWE er full av lovord om funnet.

– Eg kan i alle fall seia at det er få funn som ser så lovande ut, som er utbygd på norsk sokkel, for å seia det slik, sa han då ha orienterte medlemmene i Norsk Petroleumsforening i fylket, fortel NRK.

Nettsida offshore.no fortel at førebels utrekningar viser at Titan-feltet, som oljefeltet er kalla, er på mellom 12,5 og 63 millionar fat oljeekvivalentar. Dersom oljeprisen held seg på 80 dollar fatet, betyr det at funnet kan innehalda olje som er verdt mellom 5,9 og 30 milliardar kroner.

Funnet er rundt ein prosent av reservane på Ekofisk-feltet.

For næringslivet og politikarar i Flora kommune betyr det auka tru på framtida.

– Eg er veldig optimistisk. Dette var kjekt å høyra, og eg har stor tru på framtida, seier ordførar Bente Frøyen Steindal.

Også Bjørn Hollevik i Flora industriforeining gler seg over nyheita.

– For meg som har arbeidd i denne bransjen i 25 år, har eg aldri hatt meir framtidstru enn akkurat no, seier han. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...