Heim Nyhende Omdømmeskole motiverer

Omdømmeskole motiverer

I 2009 deltok 12 kommunar og eitt regionråd på Distriktssenteret sin omdømmeskole. Deltakarane har fått auka motivasjon for omdømmearbeid og opplever at innhaldet er relevant i forhold til det dei jobbar med.

Det kjem fram i ei evaluering gjort mellom fjorårets deltakarar. Prosjektleiar Anne Irene Myhr ved Distriktssentetert seier på senterets heimesider at det enno er for tidleg å seie noko om effektane av Omdømmeskolen.

– Men det er ei viktig tilbakemelding å sjå at teori blir sett om i praksis, seier Myhr.

Dei 37 deltakarane legg vekt på at det trengst både fagleg og praktisk påfyll, samstundes som det er viktig å treffe kommunar som ein opplever er i same situasjon som ein sjølv.

Erfaringane frå 2009 skal no brukast til utviklinga av Omdømmeskolen 2010, kor det blir lagt enno meir vekt på konkrete og praktiske døme.

– Det å skape nettverk og dialog mellom rådmenn, ordførarar og prosjektleiarar som jobbar med omdømmearbeid, og som har vore og er midt i omdømmestrategiprosessar, opplever vi som ein god måte å overføre erfaringar på, seier Anne Irene Myhr.

Omdømmeskolen vart første gong gjennomført i 2008 på initiativ frå Kommunal- og regionaldepartementet. Sidan har Distriktssenteret overteke skolen. Føremålet med skolen er å gje kommunar og småsamfunn inspirasjon til å jobbe med stadsutvikling og omdømmebygging.

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...