Heim Nyhende Ønskjer nasjonal dugnad for språk og ny teknologi

Ønskjer nasjonal dugnad for språk og ny teknologi

Tekniske duppedittar som du kan snakka med og som kan tenkja sjølv er på full fart inn i norske heimar, men problemet er at det finst lite norsk språkteknologi til å utvikla desse tenestene. Det gjer fagfolk bekymra.

Tilstanden og vilkåra for norsk språk i den nye digitale kvardagen var eit sentralt tema på Språkdagen 2018, som torsdag gjekk av stabelen i Oslo.

Teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge og medlem av framtidsutvalet til Språkrådet tok på Språkdagen 2018 til orde for eit sektorovergripande samarbeid for å løfta norsk språkteknologi. Arkriv: Morten Holm / NTB scanpix / NPK

– Noreg har i dag ikkje så mykje språkteknologi i det heile, og med tale og tekstbiten står det ganske dårleg til, sa teknologidirektør Shahzad Rana i Microsoft Norge som var ein av innleiarane på den årlege konferansen til Språkrådet.

Rana er også ein av sju medlemmer i det såkalla framtidsutvalet til Språkrådet som skal sjå på viktige utfordringar for det norske språket vidare.

Han peikte på at talestyrte hjelpemiddel blir meir og meir utbreidd, og at vi snart kan styra mykje av elektronikken i heimen berre ved å snakka til digitale duppedittar. For å sikra at folk i framtida kan kommunisera med slike hjelpemiddel på norsk, meinte han det er viktig å setja språkteknologi inn ein større samanheng og få til eit breitt samarbeid mellom ulike departement, forskingsmiljø og andre aktørar.

– Trengst eit nasjonalt løft

Også språkdirektør Åse Wetås tok til orde for eit nasjonalt løft for norsk språkteknologi. Ho meinte det er avgjerande for det norske samfunnet at det norske språket heng med i den digitale utviklinga.

– Alle departementa og heile det norske samfunnet har eit ansvar for at me skal kunna løfta det norske språket inn i den digitale tidsalderen. På same måten som vegar og jernbane må me byrja å sjå på språk som heilt nødvendig infrastruktur for at det norske samfunnet skal fungera.

Ho var klar på at språkteknologi er eit område som Noreg ikkje kan overlata til internasjonale aktørar.

– Me må vera med å bestemma. Me må stilla tøffare krav til dei som skal utvikla denne type tenester. Det må vera eit krav at tenestene skal vera på norsk og at dei skal vera tilgjengelege både på bokmål og nynorsk, slo ho fast.

– Språket er ein del av kulturarven vår og ein viktig fellesskapsbyggjar som vi må verna om, sa kulturminister Trine Skei Grande (V) som opna Språkdagen 2018. Ho peikte på at vi har meir forhold til det vi kan skildra med vårt eige morsmål enn med andre språk. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
– Enklare kvardag

Wetås peikar på at språkteknologi vil gjera kvardagen enklare for folk, og at det er viktig å sjå språk i ein større samanheng.

– Me må tenkja på dette som investeringar som gjer at det norske samfunnet blir enklare å drifta. Viss gamle folk skal kunna sitja heime i stovene sine og styra kjøleskap med bruk av stemma si, er me avhengige av å investera det som trengst for å utvikla teknologi for taleattkjenning, seier ho.

Ho håpar difor på brei politisk vilje til å løfta norsk språk over i den teknologiske tidsramma.

– Me må difor ikkje sjå på dette som eit lausrive kulturtiltak eller noko som er artig å ha. Det er ting som kan løysa store samfunnsproblem og spara oss for store utgifter, seier Åse Wetås. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Digitalt nynorskseminar for folkevalde i kommunane

Alt du treng å vita om nynorsk i kommunepolitikken på 45 minutt!  Kva kan du som kommunestyrerepresentant gjere for nynorsken i kommunen din? Me inviterer...

Mållaget etterlyser betre nynorskpolitikk i partiprogramma

– Dei fleste partia bør få betre nynorskpolitikk før dei går inn i valkampen. Det seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Han har...

Jubel for 16 000 medlemer i Mållaget

Medlemsauken i Mållaget held fram, og 12. desember nådde Noregs Mållag 16 000 medlemer for fyrste gong sidan 1985. – Medlemer er sjølve grunnlaget for ein...

Nynorsken held stand – fleire lyspunkt enn utfordringar

I 2023 hadde Noreg 72 498 nynorskelevar i skulen, ein nedgang på rundt 9000 samanlikna med 1993 då talet var 81 668. Samstundes har bokmålselevar...