Heim Nyhende OpenOffice hadde rekordår

OpenOffice hadde rekordår

I fjor lasta ein halv million nordmenn ned gratisvara OpenOffice. Det er ein auke på 67 prosent frå året før.

Den halve millionen inneber både nynorsk- og bokmålsversjonen.

– Nynorskversjonen utgjer omlag 10 prosent av den totale mengda nedlastingar, og det har halde seg stabilt dei siste åra, fortel Martin Hauge i stiftinga Åpent kontorprogram på norsk som har som si hovudoppgåve å omsetje og marknadsføre OpenOffice på norsk.

Statistikk OpenOffice
Statistikk fra 2008 frå Åpent kontorprogram på norsk.

Då Open Office byrja kome på norsk i 2003, var nynorskdelen av nedlastingar oppe i 17 prosent. Hauge fortel at det høge talet frå 2003 heng saman med at store deler av skuleverket i Møre og Romsdal byrjka bruke OpenOffice med ein gong det kom på nynorsk.

Om OpenOffice:
OpenOffice er eit gratis-alternativ til Micorsoft si Office-pakke. OpenOffice kan takle både Microsoft Office sine dokumenttypar og filtypen Open Document Format (OFD). Fornyingsminister Heidi Grande Røys har nyleg bestemt at ODF skal vere ein offentleg standard.

NYNORSK INSPIRASJON

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

MEST LESE

Jubileumsfeiringar, sterke stemmer og sommarstemning under Festspela

Festspela 2025 vart ei levande og meiningsfull markering av nynorsk språk og kultur. Med fantastisk sommarvêr, sterke kulturopplevingar og eit engasjert publikum, er det...

– No er vi klare for Festspela!

– Vi gler oss til å ta imot gjestar i alle aldrar til ein levande og samlande festival, seier festspelsjef og konstituert arenaleiar Ida...

Fråsegn frå landstinget til LNK: – Kommunane må få dekkja kostnadene til språkdelte klassar

Landstinget til LNK kjem med klart krav til at kommunane må få dekkja dei kostnadene dei har til språkdelte klassar i ungdomsskulen. Etter den nye...

Landstinget til Nynorskkommunane: – Krev demokratisk kontroll over språket

Stavekontrollane til dei store selskapa Google, Microsoft og Apple er så dårlege at dei hindrar elevar i å læra korrekt norsk, og undergrev den...