Heim Nyhende Opna språkutstilling

Opna språkutstilling

Nasjonalbiblioteket opna utstillinga Leve språket! på Den europeiske språkdagen 26. september.

– Vi gler oss til å opne utstillinga Leve språket!, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein i ei pressemelding.

– Heile Språkåret 2013 har Nasjonalbiblioteket jobba med å dokumentere kva for språk som vert brukte i Noreg i dag, mellom anna gjennom konkurransen Språk i ditt liv. No ser vi fram til å vise dette språklege mangfaldet under utstillinga, seier nasjonalbibliotekaren. Leve språket! er den første utstillinga Nasjonalbiblioteket har laga som rettar seg spesielt mot barn og unge, noko som  prega utstillingsopninga.

– Ei referansegruppe med ungdomar frå Fyrstikkalleen skole har hjelpt Nasjonalbiblioteket i arbeidet med å planleggje utstillinga. Referansegruppa har vore til stor hjelp for oss, og det er difor spesielt hyggjeleg at det er desse ungdomane som opna utstillinga, seier Vigdis Moe Skarstein.

Utstillinga skal formidle språklege overraskingar og nye tankar om kva språk er og kan vere. Ho vil vise døme på språk i si fulle breidde – alt frå norsk, samisk, teiknspråk og urdu til talespråk, skriftspråk og kroppsspråk. Utstillinga vil òg seie litt om korleis språket har utvikla seg. Vinnarbidraga frå Nasjonalbibliotekets språkkonkurranse, der elevar i alle aldrar frå barneskule til vidaregåande dokumenterte dei ulike språka og dialektane dei møter i kvardagen, vert òg presenterte på utstillinga.

Den europeiske språkdagen er ei markering for å feire språka i Europa. Den vart oppretta i 2001 av Europarådet.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...