Heim Nyhende Opna verdas minste litteraturhus

Opna verdas minste litteraturhus

I går opna det som truleg er verdas minste litteraturhus. Huset heiter Kalvatræet og ligg i Røldal i Odda kommune.

Kalvatreet er eit gamalt trehus med historiske røter, som no er blitt gjort om til ein møteplass for små, litterære arrangement.

– I Bokbua kan du kome med brukte bøker, bøker du gjerne er glad i, men som du no kan tenkje deg å selje vidare til nye lesarar, forklarar bibliotekar Else Marie Sandal. Sandal jobbar ved kommunebiblioteket i Odda kommune, og biblioteket bidrar til Bokbua med nokre timar arbeidskraft no og då.

– Gjenbruksperspektivet er viktig i Bokbua, seier ho, og fortel at huset vidare skal vere ein arena for forteljing, bokprat og lesestund. Sjølv om huset ikkje har faste, daglege opningstider, så vil dei prøve å halde ope i samaband med andre lokale arrangement. Til dømes når det skal arrangerast fjelljelg i Røldal om nokre veker. – Då kan vi i Bokbua ha fokus på fjell-litteratur, gode jakthistorier og liknande.

Sjølve huset, Kalvatreet, er eigd av Røldal bygdemuseum. Odda kommune går elles med planar om eit litteraturhus til. Litteratursymposiet i Odda er det kome opp tankar om ønskjer å gjere Lindehuset og det gamle sentralbadet på smelteverket i Odda om til eit litteraturhus. Då snakkar ein om litteraturhus av ein annan dimensjon enn Bokbua i Røldal, sjølvsagt.

– Bokbua i Kalvatreet er eit bittelite hus, ler Sandal. – Det skal lite til før det blir fullt hjå oss.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...