Heim Nyhende Slår eit slag for svensk og dansk

Slår eit slag for svensk og dansk


Norsk ungdom forstår ikkje svensk og dansk godt nok. Det vil Foreningen Norden gjere noko med.

– Dagens ungdom forstår andre skandinaviske språk dårlegare enn tidlegare generasjonar. Via kampanjen Bruk skandinavisk ønskjer vi å setje fokus på språkfellesskapen mellom dei nordiske landa, seier prosjektleiar Heidi Lønne Grønseth.

Ho understreker at dette ikkje er noka kampanje mot engelsk, men meir ei formidling av kor viktig det er å forstå kvarandre i dei nordiske landa.

– Det er viktig med engelsk også. Men vi trur også at forståinga av eitt skandinvisk språk styrkar forståinga av andre språk. Og at dette igjen vil vere med og gje dei unge ei kjensle av ein felles nordisk identitet.

I dag starta dei derfor to forfattarturnear på Austlandet og Sør-Vestlandet. Den danske forfattaren Sissel Bergfjord og hennar svenske kollega Catharina Ingelman-Sundberg skal reise rundt til 10. klassingar og i vidaregåande skular i ei veke. Det er og ei målsetjing om å gjere tilsvarande ting i resten av landet, men der ligg ikkje konkrete planar føre enno, seier Grønseth.

Skulane får i tillegg tilbod om eit eige undervisningsopplegg om nordisk i norskundervisninga som dei kan nytte seg av.

– Nordisk er allereie ein del av læraplanane i norsk, så her får skulane eit opplegg dei enkelt kan passe inn i undervisninga.

For ungdommane som ikkje får forfattarbesøk i denne omgang, er det og andre aktivitetar som kan vere av interesse, fortel prosjektleiaren.

– Vi har og konkurransar i kortfilm og ein skrivekonkurranse gåande, som alle ungdomar kan delta på.

Som avslutning på kampanjen vil Foreningen Norden dele ut ein språkpris i desember. Prisen vil gå til ekneltpersonar eller organisasjonar som har gjort ein særskild innsats for den skandinaviske språkspreiinga dette året.

Noko av målet med kampanjen er å få ungdom til å sjå verdien av den språklege fellesskapen, og der har norske ungdommar kanskje eit fortrinn, peiker Grønseth på.

– Vi i Noreg er heldige, for vi forstår nabospråka våre best, og derfor er det berre litt øving som skal til for å styrke den skandinaviske språkforståinga.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...