Heim Nyhende Oppmodar til fråsegner om språk i den nye Vestlandsregionen

Oppmodar til fråsegner om språk i den nye Vestlandsregionen

– Det vil vere eit stort tilbakesteg for nynorsken om ikkje produksjonen av skriftleg materiale i den nye Vestlandsregionen går føre seg på nynorsk, skriv LNK i brev til medlemmane sine.

Intensjonsplanen mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, slår ikkje fast at den nye Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Dei tre fylkesordførarane har alle i ettertid stadfesta at det ikkje er tatt endeleg stilling til kva administrasjonsspråk den nye regionen skal ha. Dette skal avklarast i den vidare prosessen.

No har Landsamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) oppmoda alle medlemmane sine, kommunar, interkommunale selskap og andre institusjonar og verksemder, til å gje fråsegn om den nye Vestlandsregionen.

– Den nye regionen vil vera ein stor produsent av skriftleg materiale. Det vil såleis vera eit stort tilbakesteg for nynorsken om ikkje dette skjer på nynorsk, med same omfang som i dag.  Ein ny stor vestlandregion bør ha gode føresetnader for styrking av nynorsken, heiter det i brevet som er underteikna dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland.

LNK vil be medlemmane om å ta inn eit punkt om språk i fråsegna si om den nye regionen.

Eit forslag til formulering kan vera:
«………… kommune/ museet/ IKS/KF/AS  ber om at Vestlandsregionen klarare støttar opp om det nynorske språket når den nye regionen skal skipast.  Desse tilleggspunkta om språk bør difor inn i intensjonsplanen:
1. Staten skal bruke nynorsk i sin skriftlege kommunikasjon med regionen
2. Regionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk
3. Det skal utarbeidast eigne språkreglar for tilsette, som tek vare på dei språklege rettane for private rettssubjekt (personar, bedrifter, organisasjonar, institusjonar)
4. Regionen skal vere eit føredøme for klart språk i offentleg forvaltning»

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Hurra for Hudd på nynorsk!

Det norske sosiale mediet Hudd er no tilgjengeleg på nynorsk. Med nær 200 000 brukarar i Skandinavia tek selskapet endå eit steg i arbeidet...