Heim Nyhende Ordførarar ønskjer at Stortinget skal avgjere om reservasjonsrett

Ordførarar ønskjer at Stortinget skal avgjere om reservasjonsrett

Ni av ti ordførarar i Hordaland og Sogn og Fjordane seier nei til å sjølve bestemme om legar kan reservere seg mot å vise kvinner til abort.


50 av dei 59 ordførarane i dei to fylka har svart på spørsmåla frå Bergens Tidende, og 89 prosent meiner at ikkje kommunen, men staten, bør avgjere om det skal vere ein reservasjonsrett. I tillegg seier 86 prosent nei til at fastlegar i kommunen bør kunne reservere seg, dersom kommunane får bestemme.

– Eg tenkjer at denne typen verdispørsmål er vanskelege å ta opp i forhandlingar, og endå vanskelegare når det skal gjerast lokalt, seier Os-ordførar Terje Søviknes (Frp). Han meiner staten bør avgjere spørsmålet, og seier sjølv nei til reservasjonsrett for nye legar i sin eigen kommune.

Olaug Bollestad (KrF) seier at undersøkinga gjer inntrykk, men ho avviser kritikken.

– Når ein kjempar for ein minoritet, så kjempar du mot ein majoritet. Det ligg i sakas natur at vi ikkje har fleirtal i denne saka. Vi ønskjer at det skal vere rom for at folk kan tenkje annleis.

Helseminister Bent Høie vil ikkje svare på om reaksjonane har fått han til å endre syn.

– Vi ser fram til å få inn svar frå kommunane på dette. Grunngjevinga for å sende dette på ei så omfattande høyring var å få synspunkt og innspel på korleis saka bør avgjerast, seier han til avisa. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...