Heim Nyhende Ottar Grepstad med ny bok om bøker

Ottar Grepstad med ny bok om bøker

Forfattar Ottar Grepstad kjem med boka Bokhistorier om bok- og forlagshistorie.

– Bokhistorier er eit essayistisk og leksikalsk overflodshorn om bøker, forlag og forfattarar i norsk skriftkultur. Mellom dei lange linjene i nynorsk skriftkultur er det blitt god plass til minnerike hendingar og ukjende historier om folk som visste kva dei ville, skriv Grepstad i ei pressemelding,

Gjennom meir enn 15 år har Grepstad bygt opp eit folkeregister over dei 1500 som har skrive skjønnlitterære bøker på nynorsk eller dialekt frå og med Henrik Wergeland i 1842 til og med 2021. Manntalet viser at debutantane kom ut på nær 400 forlag, mange på eigne forlag, og nesten kvar femte på Samlaget.

– Heldigvis er der fleire som no arbeider ned bokhistorie. Diverre held dei seg mest på 1800-talet, eller dei skriv om bøker av forfattarar som det blir skrive ofte om. Noko av det viktigaste ved bok- og forlagshistorie er å sjå forbi plakatnamna og vise kor viktige andre forfattarar og forleggjarar har vore, som Erik Gunleikson i Risør, Bergitt Villesvik frå Sogn og Marius Evjeberg i Lofoten. Då kan ei slik bok utvide historia om lesing i eit samfunn, skriv Grepstad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...