Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk.
Kommunikasjonssjef i Øygarden kommune, Vigleik Brekke, opplyser at Ordsmed-Ivar følgjer språkbruksplanen og språkplakaten til Øygarden kommune. Ved å nytta denne agenten, vert teksten omsett til nynorsk og kan gjera skrivestilen og klarspråket betre.
Må framleis kvalitetssjekka
Det er også mogleg å nytta dette verktøyet til å ta korrektur på nynorsktekst.
– Vi har testa agenten og må seia at resultatet er rimeleg godt. Dei aller fleste «fellene» vi har lagt inn i testtekstar er fanga opp slik at teksten vert korrekt. Men eitt og anna må vi retta opp når vi går gjennom teksten i etterkant. Uansett må vi ved bruk av KI, kvalitetssjekka teksten. Brukar vi verktøyet rett, kan vi læra av dette, seier han.
Basert på språkbruksplanen
Mange nyttar Copilot og andre KI-verktøy til å omsetja tekst frå bokmål til nynorsk.
– Det som er gjer Ordsmed-Ivar eksklusiv for oss er at vi har lagt inn instruksar som er basert på språkbruksplanen og språkbruksplakaten til Øygarden kommune. Dermed vil bruken av dette verktøyet fanga opp typiske ord, formuleringar og namn vi brukar i kommunen vår, seier Brekke.
Døme på instruksar som er lagt inn i agenten er:
- a-infinitiv
- skrivemåtar for alle råd og utval i kommunen
- namn på institusjonar og føretak
- lokale stadnamn
- valfrie ord («nødvendig» i staden for «naudsynt», «behandla» i staden for «handsama», «skule» i staden for «skole», osb.)
- bruk av titlar
- garpegenitiv («arealdelen til kommuneplanen» i staden for «kommuneplanen sin arealdel»
aktiv setningsbygning - manglande bruk av hjelpeverb (styrer unna uttrykk som «Dokumentet sendast til kommunen innan 1. februar»)
Dei tilsette er oppmoda om å senda inn forslag til nye instruksar som kan leggjast inn i agenten.









