Heim Nyhende På jakt etter føregangskommunar på lokaldemokrati

På jakt etter føregangskommunar på lokaldemokrati

Kommunar over heile landet er oppfordra til å søkje om å bli føregangskommune innan lokaldemokrati.

– Dette er ikkje ein konkurranse om å vere best på lokaldemokrati, men ei moglegheit til å vise fram korleis ein utviklar lokaldemokratiet på ulike måtar tilpassa ulike lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i ei pressemelding.

Invitasjonen til å delta i lokaldemokratiprosjektet gjekk ut til kommunane i førre veke, og fleire har allereie meldt si interesse. Søknadsfrist er 6. august.

Det er stor variasjon i korleis kommunane har valt å organisere det politiske arbeidet og korleis dei jobbar med å vidareutvikle lokaldemokratiet.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal velje ut om lag åtte kommunar som har utvikla lokaldemokratiet på ein god måte som gjer det meiningsfullt å delta i lokalpolitiske prosessar. Målet er at andre kommunar skal bli inspirert og lære av føregangskommunane.

Føregangskommunane vil få midlar til å vidareutvikle lokaldemokratiet sitt i ein toårsperiode, frå hausten 2021 til sommaren 2023. Kommunane skal følgjast av eit forskingsteam, som skal evaluere og dokumentere korleis dei jobbar med lokaldemokratiet. (©NPK)

Sjå invitasjonsbrevet her! Søknadsfrist 6. august.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...