Heim Nyhende Fem utvalde blir nynorske pilotbibliotek

Fem utvalde blir nynorske pilotbibliotek

Nynorsk kultursentrum har valt ut fem kandidatar til å vere nynorske pilotbibliotek i 2021–2023. Satsinga skal gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg sør og aust i Noreg.

Gjennom den nye satsinga med nynorske pilotbibliotek skal Nynorsk kultursentrum og biblioteka samarbeide for å styrkje kunnskapen om nynorskformidling. Nynorsk kultursentrum fekk inn 24 søknader frå skule- og folkebibliotek i kommunar med nynorskelevar: tre frå Agder, tre frå Viken, seks frå Innlandet og tolv frå Rogaland.

Desse fem biblioteka er utvalde som nynorske pilotbibliotek:

– Innlandet: Lom folkebibliotek
– Rogaland: Sandnes bibliotek
– Rogaland: Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole
– Viken: Hemsedal bibliotek
– Agder: Hægebostad og Eiken bibliotek

– Vi fekk inn gode søknader, og det var vanskeleg å velje. Vi gler oss over at så mange bibliotek er engasjerte i formidling av nynorsk kultur og litteratur. Vi har lagt vekt på å velje bibliotek som har levert sterke søknader, som er motiverte, og som ser ut til å ha kapasitet til å delta i aktivitetane det er lagt opp til. Desse omsyna har vi vege mot eit ønske om å ha med både bygder og byar, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Eit av måla med satsinga er å gjere nynorsk synlegare for barn og vaksne i nedslagsfelta til dei utvalde biblioteka.

– Nynorsk kultursentrum vil vere med på å styrkje den nynorske sjølvtilliten i områda saman med lokale folkebibliotek og skulebibliotek. Saman kan vi fremje nynorsken og det språklege mangfaldet i landet vårt, seier Slenes.

Dei fem pilotbiblioteka får kvart år tilbod om tre arrangement, to utstillingar, føredrag og ei årleg formidlingssamling for bibliotekarar. Nynorsk kultursentrum vil lage eit brukarpanel saman med biblioteka for å få tilbakemeldingar og idear til utstillingar og arrangement.

Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje. Stiftinga driv fleire nettstader og reiser kvart år rundt i 50–100 kommunar med utstillingar, arrangement og turnear.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...