Heim Nyhende Partiprogram berre på bokmål

Partiprogram berre på bokmål

Verken Venstre, Frp eller Miljøpartiet Dei Grøne har partiprogram på nynorsk. 

– Eg tykkjer ikkje me skal ha så mykje fokus på dette med nynorsk, seier stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter i Frp til Framtida. 

Trass i at Hagesæter sjølv er medlem av Løvebakken Mållag meiner han nynorskbrukarane er så språkmektige at dei godt kan lese bokmål. Hovudårsaka til at programmet ikkje er på nynorsk er kostnaden med omsetjinga. 

I partiprogrammet til Venstre kan ein lese: «Vi må ta utfordringene knyttet til nynorsk som hovedmål på alvor, slik att elevene får et kvalitativt godt tilbud og en opplæring som gjør at nynorsk blir et reelt alternativ for de som ønsker det.» Også her er grunnen til at dette står på bokmål manglande ressursar. 

– Me har ikkje kapasiteten til å omsetje partiprogrammet til nynorsk, seier Kjartan Almenning i Venstre, og legg til at dei har ein nynorsk versjon av hovudbrosjyren.

– Hadde det vore ei ideell verd hadde me hatt partiprogrammet vårt på nynorsk óg, seier Almenning til Framtida. 

– Me vedtok i mai at me skulle ha ein nynorskversjon. Denne er noko forseinka, men skal vere klar i slutten av juli, forsikrar Harald Nissen, nasjonal talsmann i Miljøpartiet Dei Grøne.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...