Heim Nyhende Nynorske barnebøker blir oversett

Nynorske barnebøker blir oversett

– Nynorsk barnelitteratur blir oversett ved at bøkene verken blir kjøpt, lånt ut eller lest. Samstundes får nynorskbøkene stor fagleg merksemd, gjennom prisutdelingar og i innkjøpsnemndene til Kulturrådet. Det er eit stort paradoks, seier formidlar Janne Karin Støylen.

Noko Samlaget er samde i.

– Det er sjeldan bokhandelene frontar ei nynorskbok, og det skal veldig mykje til å få ei nynorskbok i ein bokklubb. Eit stort fleirtal av aktørane i salsleddet ser nok på nynorsk som salshemmande, sier Ragnfrid Trohaug, forlagsredaktør for barne- og ungdomslitteratur i Samlaget til Klassekampen.

Samlaget ynskjer no å lage til ein guide med nynorsk barnelitteratur, for å få bøkene ut til fleire. I guiden blir det ei oversikt over omlag 200 titlar frå nyare tid.

– Vi vil at alle barn i Noreg skal bli introdusert for nynorsk, og gir no et verktøy til formidlarane og foreldra, seier Trohaug.

Ho menier det er ein  myte at det ikkje finst nynorsk barnelitteratur.

– Den nynorske barnelitteraturen har aldri vore så brei som no, med peikebøker, kunstbøker for ungdom og spenningsseriar som Cherub-serien til Robert Muchamore. Det er ein serie som openbart burde få same type merksemd som Jørn Lier Horst sine krimbøker for barn, sier ho.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...