Heim Nyhende Pengar til nynorsken i Bergen

Pengar til nynorsken i Bergen

Nynorskopplæringa i Bergen får 1,7 millionar kroner i revidert bybudsjett. Men det blir ikkje nynorskklasse i år.

Det er klart etter at byrådet (Ap, V, KrF og MDG) har inngått avtale med SV, Raudt og Senterpartiets Steinulf Tungesvik og Stig Torgersen.

– Dette er heilt strålande! Bystyret følgjer no opp tidlegare gode vedtak med ekte pengar. Dette vil styrkje nynorskopplæringa i Bergen, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, i ei pressemelding.

Han er likevel skuffa over at det ikkje blir ein eigen nynorskklasse til hausten. Bystyret har sagt at det skal vere eit fast tilbod i vestlandsbyen, uavhengig av minstekravet i opplæringslova.

– Det er synd at vi ikkje kom heilt i mål i år, særleg for dei førsteklassingane som var klare. Vi opplever at Bergen kommune har ei grei forståing av kva dei som skuleeigar må gjere annleis og betre i åra som kjem, for å sikre at all informasjon kjem tidleg nok ut til flest mogleg foreldre med skulestartar i heimen, seier Lofnes Hauge.

Pengane skal fordelast slik:

* 800.000 kroner til ein nynorsk lærarressurs, som skal auke kvaliteten på nynorskopplæringa på skulane i Bergen.

* 500.000 kroner til auka pott for innkjøp av nynorsk barne- og ungdomslitteratur i skulebiblioteka.

* 200 000 til ein særleg innsats for nynorskelevane i Arna

* 100.000 kroner til klassesett av Framtida Junior.

* 100.000 kroner til nynorskkurs for lærarar i Bergen som skal undervise i nynorsk, i regi av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

(©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Årsmelding for LNK 2025: Rekordmange medlemsbesøk og prosjekt

Det har vore stor aktivitet i LNK i 2025. Nettstadene våre har nådd over 700.000 brukarar i løpet av året. Me har hatt rekordmange...

Tarjei Vesaas» debutantpris til Samlaget-forfattar

Frøland mottek prisen på 80 000 på årsmøtet til Den Norske Forfattarforening denne helga. Juryen seier mellom anna dette om prisvinnar Frøland: «I Tynne rivner av...

Nynorskelevar tar lengre utdanning enn bokmålselevar

Ein studie viser at om elevar bruker nynorsk eller bokmål på skulen, påverkar kor mykje utdanning dei tar. 11 prosent av norske elevar bruker nynorsk...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...