Heim Nyhende Posten lanserer digital postkasse

Posten lanserer digital postkasse

I vår kan du sjølv velje om du vil få post i ei digital postkasse i tillegg til den fysiske postkassa. Posten Noreg lanserer eit digitalt postsystem.

– No går stadig meir av kommunikasjonen digitalt. Posten vil vere ein del av denne utviklinga, seier konsernsjef Dag Mejdell.

Postens nye digitale postkasse skal gjere det enkelt å sende, ta imot, behandle og arkivere viktig post. Systemet skal ha same tryggleiksnivå som nettbankane.

– Med mange nettsider, brukaridentitetar og passord er det ikkje enkelt å vere forbrukar. Når Posten no lanserer Digipost vil all denne kommunikasjonen kunne samlast i éi digital postkasse, seier Mejdell.

Det har vorte mindre fysisk post dei siste åra på grunn av overgang til digitale løysingar. Den trenden vil halde fram.

– Vi er merksame på at den digitale satsinga vår vil ha konsekvensar for ordinær post. Men gjer ikkje Posten dette, gjer nokon andre det. Posten må vere med og vi vil vere først ute i Noreg, seier postsjefen.

Postens nye digitale postkasse baserer seg på gateadressa til folk i tillegg til personnummeret. Dermed følgjer den digitale postkassa med om ein endrar adresse. Målet er at det nye digitale postsystemet skal vere i ordinær drift første halvår i år. (NPK)

Førre artikkelLær nynorsk med rap
Neste artikkelNynorsk i VG

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...