Heim Nyhende Prestisjestipend til språkforsking

Prestisjestipend til språkforsking

UiB-forskar Johanna Barddal får 11 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet for å undersøkje historia til dei indoeuropeiske språka.

Det europeiske forskingsrådet (ERC) deler ut fleire typar stipend. Blant desse er ERC starting grants, som skal stø kommande forskingsleiarar som har potensial til å skape framifrå forskingsteam i Europa.

Johanna Barddal er forskar på Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske fag ved Universitetet i Bergen (UiB). Ho fekk nyleg beskjed om at ho får eit ERC starting grant på 1,5 millionar euro (rundt 11 millionar kroner) for språkforskinga si, skriv UiB i ei pressemelding.

Barddal forskar på korleis kasus og argumentstruktur har utvikla seg i den indoeuropeiske språkfamilien.

– Med finansieringa frå ERC blir det faktisk muleg å gjennomføre ei undersøking på alle dei elleve indoeuropeiske greinene av språket. Utan denne støtta måtte vi nøgd oss med seks greiner, seier Barddal.

Ho begynte arbeidet sitt på det islandske språket, og utvida deretter til alle germanske språk. No ser ho på utviklinga i heile den indoeuropeiske språkfamilien.

– Dei eldre indoeuropeiske språka er ikkje alle like gamle, så med komparativ forsking bør det vere muleg å vise historiske banar, og den eventuelle evolusjonen til strukturane vi arbeider med, seier ho. (NPK)

 

 

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...