Heim Nyhende Prisdryss over norsk barnefilm

Prisdryss over norsk barnefilm

Den norske barne- og ungdomsfilmen Keeper’n til Liverpool håvar inn priser. No har filmen fått publikumsprisen under filmfestivalen Cinequest i California.

Keeper’n til Liverpool kom ut i 2010 og er basert på forfattaren Lars Mæhle si bok Keeperen til Tunisia (Samlaget 2002). Tidlegare i vinter fekk filmen den prestisjetunge Krystallbjørnen som beste film under den internasjonale filmfestivalen i Berlin.  Filmen utkonkurrerte òg 11 andre barnefilmar og gjekk til topps i Montreal internasjonale barnefilmfestival.

Filmen skal vidare til barnefilmfestivalen i Ghent, Belgia (Flanders) og skal vere åpningsfilm på barnefilmfestivalen i Malmø (BUFF) som går av stabelen denne veka. I tillegg er det meir enn 30 land som har meldt si interesse for filmen, melder nettstaden til Norsk Filminstitutt.

Keeper’n til Liverpool handlar om 13 år gamle Jo Isdstad som skyr både fotball og jenter og alt som kan vere farleg. Heilt til Mari kjem inn i klassen og i livet hans. Les meir om filmen på Filmweb.

 

filmfestivalen Cinequest i California

Førre artikkelFleire bøker for barn
Neste artikkelEi sky av bøker

NYNORSK INSPIRASJON

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

Seks fine julebøker på nynorsk

Mange skular og barnehagar bruker adventstida til høgtlesing kvar dag. Her får du tips til fleire gode bøker på nynorsk med god...

Vil gi utviklingsstøtte til fleire nynorske produksjonar i Den kulturelle skulesekken

Kulturtanken, Seanse, Høgskulen i Volda og fleire fylkeskommunar samarbeider om å få meir nynorsk i Den kulturelle skulesekken i ei heilt ny...

MEST LESE

Kan nokon snart skru av internett?

Internett har tatt kontroll over norske klasserom. Vi må endre den digitale skulekvardagen. Internett har kome for å bli. Det opnar verda og både spreier...

Høgre vil svekkje nynorsken for å styrkje ungdomsskulen

– Ungdomsskulereforma til Høgre er eit dårleg skjult åtak på nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Høgre vil fjerne karakteren i skriftleg...

Jorid Lekve Eide blir ny arenaleiar ved Haugesenteret

Jorid Lekve Eide er tilsett som ny arenaleiar ved Haugesenteret i Ulvik. Ho tek over etter Geir Netland som etter 10 år i stillinga...

Aina Basso er årets festivalforfattar på Falturiltu

Aina Basso har turnert landet rundt med spennande formidlingar og til hausten vil Falturiltu løfta fram heile forfattarskapen hennar under årets tema: FAKTISK og...